Sambåndet

Tirsdag 19. november 2019
RSS
LYS I MØRKET: Artisten og poeten Trygve Skaug (t.v.) ønsker å være et lys inn i mørket. For den innsatsen fikk han torsdag tildelt Medierosen 2019 av leder i Tro & Medier Jarle Haugland. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Medierosen til Trygve Skaug

Årets vinnar av Medierosen frå Tro & Medier er artisten og poeten Trygve Skaug. Han blir rost for å vera ein håpets bodberar som er tydeleg på den kristne trua si.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 29. august 2019.

KONSERT: Trygve Skaug under Indremisjonsforbundets generalforsamling i 2016. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

Fakta

Medierosen

  • Ein oppmuntringspris frå Tro & Medier som går til ein person, eit program eller ein redaksjon som har løfta fram kristen tru eller gode verdiar i dei allmenne media.
  • Prisen er ein illustrasjon av Marvin Halleraker.
  • Prisen blir tildelt etter ein kombinasjon av stemmene til publikum og ei juryvurdering.
  • Juryen har i år bestått av: Anne Lise Søvde Valle, dagleg leiar i Norme, Ole Kristiansen, regissør og produsent i TV Inter, Lars Dahle, førsteamanuensis NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og dagleg leiar i Damaris Noreg og Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier.
  • Tidlegare vinnarar av Medierosen er m.a. Lisa Børud, Andreas Håtveit, NRK for «Salmeboka minutt for minutt» og «Salmar til alle tider», Aftenposten for «Sweatshop» og TV Inter.

Kjelde: Tro & Medier

«Gjennom artistkarrieren sin, dikta sine til 93 000 følgere på Instagram og andaktene sine på NRK Morgonandakten er Trygve Skaug ein håpets bodberar til menneske i dag. Han bringar omsorgsfulle, jordnære, oppmuntrande og tankevekkande perspektiv på livet», skriv juryen i grunngivinga si for å tildela Skaug Medierosen 2019.

– Dette er ein oppmuntring til å fortsetja med det eg gjer. Det er hyggeleg at det blir lagt merke til, og at motivet mitt for å halda på, blir kjent igjen, seier Trygve Skaug til Kristelig Pressekontor etter utdelinga av prisen.

Han har eit tydeleg motto for det han driv med: «Eg skal ikkje gjera nokon sin dag dårlegare.»

– Eg tenker at alle dei som har litt lys til overs, må putta det inn der det trengst, der det er mørkt. Det er det eg prøver med alt eg lagar. Eg ønsker å laga ting som peikar på ein ny sjanse, peikar på at folk er gode nok som dei er. Eg vil visa lyse ting. Ting som vonleg gir ein betre, ikkje ein verre, dag av å lesa det eg skriv. Det er målet mitt, seier medieros-vinnaren, artisten og poeten.

Prisen vart utdelt under eit frukostseminar i regi av Mediekonferansen Melt torsdag 29. august i Filadelfiakyrkja i Oslo.

Rekordmange stemmer

Tro & Medier har gjennom sommaren hatt ei digital avstemming og ein god, gammaldags avstemming på papir på stand, der folk kunne stemma på ein av seks nominerte. Organisasjonen fortel at i år har rekordmange valt å stemma, 1570 totalt.

– Det betyr mykje at så mange har trykt på den knappen. Eg tolkar det som at eg må fortsetja med det eg gjer – og det lovar eg å gjera, seier Skaug.

Juryen framhevar òg at vinnaren aldri legg skjul på den kristne trua si, men likevel når inn med bodskapen sin langt utanfor tradisjonelle kristne kretsar. Sjølv om Skaug er open om den kristne trua si, synest han ikkje han er så tydeleg, og han brukar ikkje religiøse ord når han kommuniserer med sine følgjarar.

– Det er fordi det er sånn eg er, snakkar og tenker til vanleg. Det var ein del reaksjonar før frå andre kristne på at eg burde vera tydelegare, men dei har gitt seg litt no. Eg må få lov til å vera meg, seier han.

Jamnt blant kandidatane

Utanom Skaug var dei nominerte i år andakthaldar i NRK Morgonandakten, Geir Gundersen, «Unik» på NRK Super, «Det jeg ikke fikk sagt» på TV 2, «Bosetterne» på NRK og Vebjørn Selbekk, redaktør i Dagen.

– Det var jamnt blant dei fire øvste, men Trygve Skaug var frå start til slutt favoritten til folket, seier kommunikasjonsleiar i Tro & Medier, Simen Søvik, som følgde avstemminga tett gjennom sommaren.

Juryen var òg samstemd og samd i at Trygve Skaug fortente prisen på bakgrunn av den stemma og personlegdommen han har vore i media i fleire år. Juryen skriv vidare i grunngivinga:

«Juryen vil spesielt vektlegga engasjementet hans for det ein – litt urettferdig – vil kalla for dei svake blant oss. Han tenner lys, heiar dei fram og gir menneske framtidstro. Dette engasjementet møter vi i hos Skaug – i songar, dikt og andakter.»

– Bakgrunnen for at vi deler ut denne prisen, er at vi trur på krafta i å rosa det gode. Slik tenner vi lys – eller betre, gir ei takk til dei som tenner lys i media, seier Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Konservative kristne har en tendens til å være mer opptatt av å frelse sjeler enn å delta i samfunnet, mener Ken Wytsma, grunnleggeren av Rettferdskonferansen.

Haldis Reigstad deler gjerne sine gaver med andre. Det har det blitt mange dikt av.

KOMMENTAR Kjell Ingolf Ropstads anførsel om at det kristne menneskesynet er under angrep, er reelt. Samtidig oppfatter jeg at profilerte politikere nå har fått problemer med tidligere uttalelser.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

Copyright © Sambåndet 2019