Fakta
Ptro
- Torsdag 11.april 2019 startet radiokanalen pTro sendinger på DAB+ i Trøndelag, i Nord Norge (Bodø, Troms og Bardu) og Akershus.
- Fra før har kanalen kontor og sendinger i store deler av Agder, Hordaland og Rogaland.
Kilde: Ptro
Nye tal frå ei nasjonal lyttarundersøking viser at den kristne lokalradioen Ptro har auka frå 33 000 til 42 000 månadlege lyttarar i løpet av tre månader. På ni månader dobla kanalen talet på lyttarar.
– Vi formidlar Jesus og kvardagsglede og er veldig glade for at så mange nye lyttarar blir med i Ptro-familien, seier redaktør Anne Birgitte L. Bøe i ei pressemelding.
Vil bli landsdekkande
Frå april til og med juni har den evangeliske radiokanalen hatt ein auke på 27,3 prosent månadlege lyttarar. Dette viser tal frå Kantar TNS som utfører landsdekkande målingar på vegner av Norsk lokalradioforbund. I tillegg kjem lyttarar frå dei nye regionane der kanalen har fått konsesjon til å starta sending i løpet av 2019.
– Ønsket vårt er at Ptro skal bli ein riksdekkande kanal som fyllar kvardagen med positivt påfyll for både tru og liv, kvardag som søndag, uttaler Bøe.
Ho meiner Ptro er ein viktig kanal.
– Radiobølgjene når alle, og Ptro er ein møteplass der menneske finn Jesus. Eg ønsker at kanalen skal opplevast verdifull for dei som allereie trur på Jesus – og for lyttarar som står litt på utsida av trua, men er nysgjerrige på Gud, seier Bøe.
Nedgang for norske lokalradioar
Undersøkinga viser at norske lokalradioar til saman har 570 000 daglege lyttarar ved utgangen av juni. Det er nedgang frå 13,6 prosent til 12,4 prosent samanlikna med tal frå fjerde kvartal i 2018 opplyser Ptro
– Overgangen frå FM-nettet til Dab er ei viktig årsak til at lokalradioar har mista mange lyttarar i løpet av det siste året. Ein del lyttarar finn ikkje igjen lokalradiokanalane sine på Dab, og nokon vel rikskanalar som er lettare å finna i kanaloversikta. Dette er ei utfordring for lokalradioane, fortel Ptro-redaktøren.
Den hurtigvoksende medieaktøren vart oppretta i 2018 gjennom ei samanslåing av Radio Gnisten i Bergen, Radio Sørvest i Stavanger og Gimlekollen Radio i Kristiansand. KPK