Sambåndet

Lørdag 19. oktober 2019
RSS
NY LEIAR: Vegard Soltveit (30) tek over som generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon ved årskiftet. FOTO: Den Norske Israelsmisjon

Vegard Soltveit ny general-sekretær i Israelsmisjonen

Den noverande assisterande generalsekretæren tar over etter Rolf Gunnar Heitmann som generalsekretær frå 2020.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 11. september 2019.

Landsstyret i Den norske Israelsmisjon har tilsett Vegard Soltveit som ny generalsekretær i organisasjonen. Soltveit tar frå kommande årsskifte over etter Rolf Gunnar Heitmann, som går frå stillinga etter 22 år.

– Eg synest visjonen og formålet til Israelsmisjonen framleis er like sentrale som dei har vore i 175 år. Vi skal vera ein misjonsorganisasjon med eit heilskapleg misjonsarbeid i samarbeid med internasjonale partnarar, seier Vegard Soltveit til Kristeleg Pressekontor.

Han gir ros til forgjengaren sin som han no skal fylla skorne til.

– Rolf Gunnar er ein utruleg flott person som er både kunnskapsrik og audmjuk. Han er flink til å sleppa andre til, og eg ser fram til å fortsetja å samarbeida med han, seier Soltveit.

Vegval

Vegard Soltveit er fødd i 1989 og har vore assisterande generalsekretær i Israelsmisjonen frå 2016. Der har han òg vore sterkt involvert i ein vegvalsprosess som framleis føregår.

– Norge og norske kyrkjesamfunn ser annleis ut i 2019 enn dei gjorde i 1844. Utfordringa blir å vera ei rørsle som rører i Norge, samtidig som vi driv godt arbeid ute og deler evangeliet med respekt og kjærleik til det jødiske folket, seier han.

Soltveit framhevar nettverksbygging både ute og heime som viktige moglegheiter, og dessutan å styrka det frivillige arbeidet.

– Betydeleg erfaring

Soltveit har tidlegare vore ungdomsarbeidar i Indremisjonsforbundet Sør, og hatt mindre stillingar i Laget og Indremisjonsforbundet. Han er utdanna med mastergrad i kristendom og historie og har òg leiingsutdanning.

– Landsstyret er glad for at Vegard Soltveit har svart ja til utfordringa om å gå inn som Israelsmisjonens nye leiar. Trass den unge alderen sin har han betydeleg erfaring frå ulike leiaroppgåver, og han er godt kjent i den kyrkjegeografien som organisasjonen rører seg i, skriv landsstyret i ei pressemelding og held fram:

– Både utdanning og erfaring gir relevant kompetanse for tenesta som generalsekretær. Åra som assisterande generalsekretær har gjort han godt kjend med tilsette og frivillige medarbeidarar rundt om i organisasjonen. Hen er trygt forankra i Israelsmisjonens visjon og verdiar. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Inspirert av den amerikanske tradisjonen Thanksgiving inviterer divisi til å takke for alt det gode Gud har gitt oss.

Landsmøtet i KrFU får seg denne helgen forelagt et endringsforslag som vil rive bort grunnlaget for de kristne friskolene. Vi forventer at landsmøtet avviser forslaget.

De leter etter en mann, men ingen supermann. Han skal være en skoleleder, men trenger ikke være tidligere skolemann. Og så må han trives med ungdommen.

Bildøy bibelskole har sikret inntekter som kommer fra utleie av tjenesteboliger til eksterne leietakere.

Torsdag sydde Rebekka Slettebø den fineste brudekjolen og vant med det Symesterskapet på NRK. Der har hun også fortalt om sin kristne tro.

Copyright © Sambåndet 2019