Krik og bibelskulane

Vedtaket til Krik i ektskapssaka er ikke berre ei utfordring for bibelskulane, men kan òg slå tilbake på Krik sjølv, skriv Sambåndet på leiarplass.

Det er lett å tenkja at ekteskapsvedtaket i Krik (Kristen idrettskontakt) er eit problem for bibelskular med Krik-linjer. Det Krik kanskje ikkje har tenkt på, er at vedtaket òg kan bli ei utfordring for «Krik-arar» som søkjer seg til dei same bibelskulane.

26.august konkluderte landsstyret i Krik i den såkalla speleregel-saka, som handla om synet på ekteskapet. Eit samrøystes styre slo først fast at «KRIK skal løfte opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet.» Generalsekretær Silje Kvamme Bjørndal var like etter klar på at dette er i tråd med historia til Krik, noko som òg må lesast som ei oppreising til førre generalsekretær, Erling Ekroll, som blei anklaga for å ha innført dette i spelereglane som ein ny kurs.

Mot ei stemme la styret til noko i vedtaket: «Samtidig respekterer vi at våre ledere kan ha et annet syn og praksis enn KRIK i dette spørsmålet. Samlivsform skal derfor ikke være avgjørende for hvorvidt man kan være frivillig leder på KRIK-leir.»

Her ligg det ei innebygd motseiing

Her ligg det ei innebygd motseiing. Krik som organisasjon har eit klassisk og bibelsk syn på samliv, men leiarane deira kan ha eit anna syn – og også «praksis» – og dermed kan til dømes sambuarar og samlevande homofile vera «frivillig leder på Krik-leir».

Om alle leiarar, tilsette inkludert, kan ha eit anna syn og praksis enn organisasjonen dei skal leia, opnar vedtaket for tolking av. Om det er berre på leir ein kan bryta med prinsippet, og kva for type leir, kan òg bli tema for diskusjon. Korleis Krik konkret skal «løfte opp ekteskapet» er eit anna viktig spørsmål. Då KrF tok ei liknande formulering inn i programmet sitt for 2013–17, utla partileiinga det som at KrF gav opp kampen mot lova frå 2008 som omdefinerte ekteskapet.

Idrettsinteressert ungdom som søkjer seg til bibelskular meir på grunn av Krik-linjene enn konservativ kristen tru, vil møta ei undervisning om ekteskap og samliv som i sin konsekvens er langt tydelegare enn det Krik no har lagt opp til. Spørsmålet er kor godt dei – og i neste omgang Krik som samarbeidspartnar – kan leva med det. Ein ting er sikkert: Bibelskulane til ImF, NLM og Normisjon kan ikkje med livsretten i behald endra syn og praksis på ekteskap og samliv. Om Krik skulle reagera på det, er det dei som bryt med bibelskulane.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.