Jakob ble så alene tilbake. Da kom det en mann og kjempet med ham helt til morgenen grydde. Da mannen så at han ikke kunne overvinne ham, rørte han ved hans hofteskål, og Jakobs hofteskål gikk av ledd mens han kjempet med ham. Og han sa: Slipp meg, for morgenen gryr! Men Jakob sa: Jeg slipper deg ikke uten at du velsigner meg. Da sa han til ham: Hva er ditt navn? Han svarte: Jakob. Han sa: Du skal ikke lenger hete Jakob, men Israel, for du har kjempet med Gud og med mennesker og vunnet. Da sa Jakob: Jeg ber deg, si meg ditt navn! Men han svarte: Hvorfor spør du om mitt navn? Og han velsignet ha der. Jakob kalte stedet Pniel,for,sa han, jeg har sett Gud åsyn til åsyn, og enda berget livet.
Jakob var litt av ein luring! Han var son av Isak og Rebekka og tvillingbror med Esau. Sidan Esau var fødd først hadde han arveretten. Jakob lurte til seg arve-retten (1. Mos 25,29-33). I bytte med eit måltid mat ville Jakob ha arveretten som Esau hadde. Esau skjøna nok ikkje kva konsekvensar det ville ha, så han takka ja; berre han fekk seg litt mat.
Vi kan lese at Jakob ikkje stogga med denne eine gongen. Han lurte Esau ein gong til. Isak ville velsigna Esau før han døydde, og ba han om å gå ut og jakta noko vilt, laga til eit velsmakande måltid til Isak, og så ville han velsigne sonen sin før Isak skulle døy (1. Mos 27). Jakob kom broren i forkjøpet denne gongen òg – han gav seg ut for å vera Esau, laga til eit velsmakande måltid til faren og blei velsigna. Når Esau kom heim og fann ut av kva som var skjedd vart han arg, og vi les at han la Jakob for hat.
Historien sluttar heldigvis ikkje her. Ein kan lese om at Jakob flytta til sin onkel Laban, gifta seg med døtrene hans Lea og Rakel, fekk tolv sønner og Israels tolv stammer fekk namna sine etter sønene til Jakob. Jakob stolte på Gud og blei velsigna av Gud. Han fekk til og med namnet Israel av Gud! Gud sytte for Jakob kvar dag, og han velsigna òg onkel Laban den tida Jakob budde der.
Vidare les vi at Jakob ynskte å ta konene og borna med seg og fare til sitt eige land. Det lot Laban han gjera. Jakob var redd for å møta igjen Esau – naturleg nok. I teksten les vi kva som skjedde på vegen. Jakob slapp ikkje denne mannen (Gud) før han hadde velsigna han. Så viktig var velsigninga for Jakob at dette var det einaste han hadde for augo når han kjempa kampen; eg slepp deg ikkje før du velsignar meg. Han reiste vidare etter dette for å møta Esau. Esau møtte Jakob med kjærleik! Han som før hadde lagt broren sin for hat grein då han no møtte broren sin att.
Gjennom Jakob si ætt blei Jesus født ein god del år seinare. Gjennom han har vi også fått tilgang til å stiga fram for Gud slik som vi er; tilgjeven grunna Jesus si forsoning. Gud gløymer ikkje den som søkjer han. Jakob søkte Gud og difor vart han velsigna. Ikkje fordi han fiksa livet alltid, gjorde bare rette ting og ikkje hadde noko vonde tankar eller gjerningar i livet sitt. Tvert imot: Gud velsignar dei som søkjer han. På tross av. Jakob var ein luring, og vi kjenner oss kanskje att. Vi kan vera nokre luringar vi òg! Men mi bøn til Gud i dag er; eg slepp deg ikkje før du velsignar meg. Dette er å leva eit liv med meining; velsigna av Gud og til velsigning! Det er hans velsigning som gjer rik – eige strev legg ikkje noko til. (Ordspr 10,22).