Hjem
Hjem Nyheter Kontakt
Den barmhjertige samaritan

14. søndag etter pinse - Lukas 10, 25-42
Odd Asbjørn Nybø
Undervisningsinspektør ved Møre Ungdomsskole

 

Illustrasjon: Frode Kalleland

En mann gikk fra Jerusalem ned til Jeriko, og han falt blant røvere. De både kledde av ham og slo ham og gikk bort og lot ham ligge igjen halvdød. Nå traff det seg slik at en prest drog ned samme veien, og han så mannen og gikk forbi. Likeså kom en levitt til stedet og så ham og gikk forbi. Men en samaritan som var på reise, kom også dit mannen lå. Og da han så ham, fikk han inderlig medynk med ham. Han gikk bort til ham og forbandt sårene hans og helte olje og vin i dem. Og han løftet ham opp på sitt eget dyr og førte ham til et herberge og pleiet ham. Neste dag tok han fram to denarer, gav dem til verten og sa: Plei ham! Og hva mer du måtte legge ut, det skal jeg betale deg igjen når jeg kommer tilbake.


I dag møter vi ein lovlærd som stiller Jesus eit spørsmål, det viktigaste han kunne spørje Jesus om: Korleis få del i det evige livet? Jesus sender ballen tilbake: Kva seier Guds ord? - og det visste denne lovlærde: Han skulle elske Gud av av heile sitt hjarte, heile si sjel, all si kraft og alt sitt vit, og han skulle elske nesten sin som seg sjølv.

Jesus gir han rett og ber han leve på denne måten. Den lovlærde erkjente nok at han ikkje levde slik, og så ville han unnskylde, eller rettferdiggjere seg, som det står i teksten.

Kjenner du deg igjen i møte med Jesus? Når Jesus møter deg og meg i ordet, så ligg det nær å unnskylde seg: Eg er vel ikkje verre enn andre, eg gjer så godt eg kan. Det må vel vere nok.

Den lovlærde visste at han ikkje oppfylte Guds bod. Jesus visste det også. Fordi menneska ikkje kan oppfylle Guds bod, kom Jesus til jorda og opna ein ny veg til det evige livet: I Johannesevangeliet kapittel 14 og vers 6 står det slik: «Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg.»

Spørsmålet frå den lovlærde, er det viktigaste spørsmålet i livet for oss alle. Korleis kan eg få del i det evige livet? – og Jesus gir altså svaret: Sidan du ikkje kan oppfylle alle Guds bod sjølv, har eg opna ein ny himmelveg: Kom til meg og legg av alt som tynger, alle nederlag og feil, ja sjølve synda di. Eg skal bere deg heilt fram.

I teksten høyrer vi om ein som fall i hendene på røvarar. Det aktualiserer forholdet vårt til nesten vår.  Jesus avsluttar forteljinga med desse orda: «Gå bort og gjer like eins!»  Lat denne setninga få setje seg skikkeleg fast i sinnet ditt. Jesus har oppgåver for deg. Det kan vere han som reint konkret har falle i hendene på røvarar. I møte med ein slik situasjon, er det vår soleklare kristenplikt å hjelpe!

Langt oftare står vi i dag over for menneske som har falle i hendene på åndelege røvarar. Desse røvarane vil styre liva våre, fange tanken vår -  ja, stele eller forvrenge kristendomsopplæringa vår. Ser du nokon i ditt nabolag som er fanga av vår tids verste røvarar? 

Samaritanen stelte vel med han som hadde falle i hender på røvarar, han brukte pengane sine på han, og han lova å betale meir seinare. Gjer som denne samaritanen. Still opp med tida di, pengane dine, omsorga di, kristendomskunnskapen din  – fordi Gud vil at du skal leve slik, og så kan du peike på vegen til det evige livet. Lukke til!


 

 
Sambåndet2, Søre Bildøy, 5353 Straume Tlf.: 56 31 42 50 Faks: 56 31 42 41 E-post: imf@imf.no
Aeston