Hjem
Hjem Nyheter Kontakt
Eit nådeård for Herren

1. søndag i advent   -  Lukas 4, 16-22a

Terje Slettebø                      
Krinsleiar i ImF-Rogaland

 
Illustrasjon: Frode Kalleland
Han åpnet bokrullen og fant stedet der det står skrevet: Herrens Ånd er over meg, for han har salvet meg til å forkynne godt budskap for fattige. Han har sendt meg for å rope ut at fanger skal få frihet og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri og rope ut et nådens år fra Herren. Så rullet han bokrullen sammen, rakte den til synagogetjeneren og satte seg. Alle i synagogen stirret spent på ham. Han begynte da med å si: «I dag er dette skriftordet blitt oppfylt mens dere hørte på.» Alle roste ham og undret seg over de nådens ord som kom fra hans munn.

Jesus er heime i Nasaret. I syna-gogen vart det lest frå lova og profetane på samlingane på sabbaten. Denne dagen ynskjer Jesus å lesa, og han les frå profeten Jesaja ein profeti om seg sjølv. Det er tydeleg at dette gjer inntrykk på forsamlinga. Alle som var der heldt auga feste på Jesus der han proklamerer; i dag har dette skriftordet vore oppfylt for øyro dykkar.

Og det er ein veldig bodskap som Jesus her seier han er oppfyllinga av, eit nådeår frå Herren. Nådeåret var kvar 50. år for Israelsfolket les vi i det gamle testamentet, og den store forsoningsdagen var opningsdagen på nådeåret. Dette spesielle året hadde stor
betydning. Dette året fekk slavar sin fridom tilbake. Slektseigedom som var selt og kjøpt mellom nådeåra skulle tilbake til den opp-havlege eigar. Og var eit kvileår for både menneske, dyr og jord. Ikkje skulle ein så, og ikkje skulle ein hausta.

Det er på denne bakgrunn Jesus stig fram i synagogen i
Nasaret og proklamerer seg sjølv som nådeåret frå Herren. Fangar skal få fridom, blinde skal få syn og undertrykte skal setjast fri.
Jesus er sendt for å forkynna evangeliet for fattige.

Bodskapen frå nådeåret er ein stor nådebodskap også til oss. Jesus forkynner viktige åndelege sanningar til oss gjennom dette. Fangar blir sette fri. Vi menneske er fanga inne av synda og Djevelens band. Jesus kan setja oss fri. Han har sona all vår synd. Ved trua på Jesus får vi fridom frå synda si skuld og synda sine band.

Evangeliet for fattige. Slavane var i den situasjon at dei hadde ikkje pengar til å kjøpa seg fri. Vi menneske er åndeleg fattige i den forstand at vi ikkje sjølv klarer å ordna vår fridom frå synda. Vi klarer ikkje å få del i frelse og evig liv gjennom eige strev. Bodskapen til Jesus er til åndeleg fattige. Min frelse er for den som ikkje får det til overfor Gud, og som står med dei tome hender og treng tilgjeving og frelse av nåde.

Blinde skal få syn. Den som ikkje såg nokon utveg frå slaveri og fangenskap fekk sjå ein ny mog-legheit. Jesus representerer ein ny vei for oss menneske. Ein frelses vei som byggjer på nåde og tilgjeving. På denne veg er det håp og framtid for alle.

Undertrykte blir sette fri. Eit liv i lag med Jesus er ikkje eit liv i trældom, men eit liv i fridom.
Jesus er ein god Herre å ha i våre liv. Han vil leia oss fram i sin kjærleik og si omsorg. Vår største fridom er å få leva nær vår skapar og frelsar, og vera på veg til hans evige frelse i himmelen.

Eit nådeår frå Herren. Der får vi leva som kristne i trua på Jesus. Ikkje berre kvart 50. år, men heile vårt liv. Proklamasjonen frå Jesus gjeld framleis. Vi er alle velkomne til å flytta inn og leva under desse løfter.

 
Sambåndet2, Søre Bildøy, 5353 Straume Tlf.: 56 31 42 50 Faks: 56 31 42 41 E-post: imf@imf.no
Aeston