Hjem
Hjem Nyheter Kontakt
Eit luksusproblem

2. søndag etter Kristi åpenbaringsdag - Joh 2,1-11

Av tidlegare forsamlingsleiar i
Sogndal Indremisjonsforsamling

john 2, 1-11...

Illustrasjon: Frode Kalleland

«Fyll karene med vann,» sa Jesus til tjenerne. De fylte dem til randen. «Øs nå opp og bær det til kjøkemesteren,» sa han. Det gjorde de. Kjøkemesteren smakte på vannet. Det var blitt til vin. Han visste ikke hvor den var kommet fra, men tjenerne som hadde øst opp vannet, visste det. Da ropte han på brudgommen og sa: «Andre setter først fram den gode vinen, og når gjestene blir beruset, kommer de med den dårlige. Men du har spart den gode vinen til nå.»


Du har kanskje opplevd det du óg? Gått på ein kjempesmell og kjøpt inn alt for lite mat eller drikke til gjestene dine? Ei kvar mor sin største skrekk dette der, trur eg. Ei stor skam for heile familien og sannsynlegvis var det mange hundre gjester. Men ungkaren Jesus som no var rundt tretti, opna ikkje augo heilt for dette problemet. Ikkje før mora hans gjer han direkte oppmerksam på behovet. Kan hende ho skjønner litt betre mora til brura sin situasjon.

Det verkar likevel ikkje som Jesus er heilt gira på dette. Kanskje hadde han planlagt eit meir storslått fyrsteunder, eller kanskje han er framsynt og skjøner at dette seinare kan verte eit kontroversielt under å forholde seg til for avholdsfolk på Vestlandet i Noreg om ca. 2000 år, ikkje veit eg. Han prøver i alle fall å vri seg unna med å sei at tida hans ikkje er komen ennå. Men mødre er ikkje så lette å diskutere med og tydelegvis ikkje Maria heller. Ho rett og slett overkjører han, og enkelt og greit ber ho tenarane setje i gong, dei skal få nærare instruksar frå Jesus. Eg ser for meg Jesus ser litt oppgitt på mora, men med eit smil i augekroken gjer han som han får beskjed om.

Dette underet er eg så glad for at Jesus gjorde for det er for meg ei av dei sterkaste historiene om at Jesus har omsut for mine daglege og heilt trivielle behov. Folka i bryllaupet hadde allereie fått rikeleg med vin. Kanskje hadde nokre allereie fått for mykje? Det var ingen verkeleg nød. Ingen som var lam eller blind eller sjuk på noko vis. Det var ingen  totalt  håplaus krisesituasjon Jesus ordna opp i. Det er ikkje vatn i ørkenen me snakkar om her, nei det er vin til folk som allereie har fått fyrste runde!

Dette var eit såkalla luksusproblem. Slike problem som i det store perspektivet eigentleg ikkje er eit problem, og så gjer han faktisk det utrulege. Jesus gjer eit luksusunder. Her viser Jesus ein omsut og raushet som eg trur er kjenneteiknet på Guds grenselause omsorg og nåde. Det er ikkje berre akkurat nok, så vidt att det holder. Det holder i bøtter og spann. Guds nåde og omsorg kjem i overflod. Det renner over.

Vil du ikkje ta imot denne overfloda? Tenk til og med dine små problem bryr han seg om, for han veit det er viktig for deg! Kan hende vil han hjelpe deg med luksusproblema og, berre fordi han vert glad av å sjå når du blir glad, og han vert glad av å sjå at trua di veks. For det er den andre dimensjonen av underet, trua til dei som var vitne til underet og dei nye disipplane som fylgde han. Legg derfor alt fram for Gud i bøn!    

 
Sambåndet2, Søre Bildøy, 5353 Straume Tlf.: 56 31 42 50 Faks: 56 31 42 41 E-post: imf@imf.no
Aeston