2. søndag etter påske - Joh 21,15-19 Av Øyvind Angelskår It-leder i Indremisjonsforbundet
Ilustrasjon: Frode Kalleland
Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»
Påska er nettopp over, også for Peter. Peter hadde levd eit liv med Jesus som ikkje alltid var heilt i tråd med våre ideal. Og dei siste dagane hadde alt gått gale. No møter Jesus han på nytt.
Peter gjorde mykje gale, vert det gjerne sagt. Han gjekk på vatnet, men fekk «kalde føter» då han såg bølgjene, han protesterte på at Jesus måtte døy, sovna frå Jesus i Getsemane og fornekta han då det såg som svartast ut. Men det var nettopp til han at Jesus sa: «…på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje». Og no vil han altså overlata hyrdeansvaret for alle dei kriste til denne mannen. Kva har skjedd?
I våre samanhengar er me ofte opptatt av teologi, struktur, organisering og ressursar. Det er veldig bra, for det trenger me. Personleg likar eg å ha kontroll på det eg skal gjera, og lagar lister over det meste. Det er også viktig med handlingsplanar og semesterprogram slik at me kan sortera våre aktivitetar og alltid vita kva me har tid til å vera med på i løpet av ein sesong.
Men Jesus hadde aldri hovudfokus på organisasjonsstruktur og aktivitetsplanar. Han sa: «Følg meg.» Og det gjorde Peter og mange andre. «Hovudsaka med Peter er ikkje at han gjorde så mykje gale, men at han gjorde så mykje,» hugsar eg nokon sa ein gong. Vel var han i overkant impulsiv og til tider litt svulstig. Men han hadde sterke vitnesbyrd. Mellom anna sa han «Du er Messias, den levande Guds Son,» då Jesus spurde kva han sjølv meinte i forhold til alle teoriane folk den gongen hadde om kven Jesus var.
Peter var open. Han var ikkje redd for å lytta til Guds ord. Han var ikkje redd for å ta imot Guds gåver. Han kom til Jesus på vatnet. Han var med Jesus i Getsemane. Han hadde gått med Jesus i 3 år og lært han å kjenna. Han elska Jesus. I staden for å verta usikker på seg sjølv då Jesus spurde for tredje gong «Har du meg kjær?». så vart han sorgfull for at han endå ein gong måtte stadfesta det Jesus allereie visste
Dersom me alle var som Peter, trur eg nok ting ville gå litt over stokk og stein iblant. Me er heldigvis ulike og me gjer alle ting på vår måte. Men eg trur me alle kan læra å lytta til kva Gud vil sei oss og stola på at han meiner det han seier. Sjølv om det ikkje alltid passar med våre tankar og våre planar.
Mi største utfordring i treeiningstida som ligg framfor vert nok å sleppa Gud til og stola på at han har ein plan. Ikkje sei «Dette vil eg», «Dette kan eg» eller «Dette har me jo alltid gjort» men «Dette vil Gud». Dersom eg og du slepper Gud til, kan det skje store ting i landet vårt.