Treenighetsøndag - Matt 28, 15-20 Stine Mari Brynestad
Illustrasjon: Frode Kalleland
Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han. Men somme tvila. Og Jesus steig fram, tala til dei og sa: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda! Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage nde, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!
Etter fire år på lærarskule og to år på bibelskule burde vel desse få versa frå Matteus vere enkle å både lese og utføre. Ja, og eg som har vore på bibelskule i to år er vel forplikta til å springe ut i frimod og vitne både på gata og i bedehus? Slik kan eg tenkje at mange tenkjer, ja eg kan til og med tenkje det sjølv. Det er vel ikkje utdanninga eller bakgrunnen vår som gir oss kraft til å gå ut og fortelje om det vi har sett og høyrt? Og studiepoeng i frimod har vi vel ingen av oss?
Eg set og les ein tekst om elleve disiplar som har gått disippelskulen i lag med Jesus, og likevel kan eg lese om deira tvil. Det gir meg eit realistisk syn på misjonsbefalinga, og det gjer at eg kan identifisere meg med disiplane.
Eg har lært misjonsbefalinga ein gong på søndagsskulen for lenge sidan, og hatt mange repetisjonar sidan det. Befalinga ser riktig og sterk ut på papiret, men vanskeleg når eg først skal utføre den. Jesus veit om disiplane sine tankar, og difor sender Han dei ikkje ut på deira tvil, men på si makt. «Eg har fått all makt, i Himmel og på jord» seier Jesus og det er desse orda disiplane går på.
Dette er og vår befaling. Her står ingenting om at fordi du som les har så stor frimod, difor skal du gå ut. Nei vi skal gå ut på Jesu makt og autoritet. Som Han har fått frå Faderen. Og vi skal gå med Den Heilage Ande i oss, slik at vi aldri går aleine. Dette er det vi har i ryggsekken når vi legg ut på misjonsreisa. Vi har barnekåret som Guds born, vi har nåden frå Frelsaren og vi har Den Heilage Ande i våre hjarte.
Korleis grip du an oppgåva? Å bere ut ordet om Jesus er å vise med våre liv kva Han er i våre liv. Lat oss lære andre det Jesus har lært oss. For min del veit eg at det er ikkje fire års utdanning som har gitt meg frimod til å vitne om Jesus, men frimodet har vakse fram i takt med det Jesus er i mitt liv. Han er min frelsar, Han er mi glede og Han er mitt liv. Difor kan eg ikkje anna enn å tala om det eg har sett og høyrt. Kan du?
Og hugs løftet vi vert sendt ut med; «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står».