Hjem
Hjem Nyheter Kontakt
Min utløysar lever Publiseringsdato: 27.09.2006

17. søndag etter pinse – Job 19,25-27

 

Illustrasjon: Frode Kalleland

Leif Nesheim
forkynnar i ImF

Men eg, eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han stå fram på støvet.
Og når denne huda mi har vorte øydelagd, skal eg ut frå mitt kjøt få skoda Gud, han som eg skal skoda som eit gode for meg, han som mine augo skal sjå og ikkje ein framand – av lengsle tærest mine nyrer bort i mitt liv.

 

Både NT og GT vitnar om og stadfester at Job er ein historisk person som har levd. Han er neppe jøde. Han budde i landet Us som truleg låg i nordvestenden av Arabia.

Job var overmåte rik. Han hadde sauer, oksar og kamelar i mengdevis, pluss ein kjær og god familie. Men det viktigaste var at han ottast Gud. Gud sjølv gjev han det vitnemålet (Job 2,3).

På kort tid miste han alt. Satan fekk lov å prøva han, men ikkje lenger enn Gud tillet.
Familie og vener vende seg frå han. Han seig ned i det djupaste mørker. Trua vart prøvd til brestepunktet. Knapt har noko menneske vorte lutra meir i lidingsomnen.

Men no i den djupaste naud, der ingen kunne eller makta hjelpa han, vart han verande hjå Gud. Høyr Job sitt mektige vitnemål: «Men eg, eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han stå fram av støvet.»
Job vitnar om at han hadde ein utløysar. Både GT og NT fortel om ein utløysar.

I den gamle pakt si tid var det slik at når nokon kom i skuld og fattigdom og miste eller måtte selja eigedomen sin, då var det løysingsmannen som hadde rett til og kunne kjøpa eigedomen. Les om Boas og Rut. Boas var hennar utløysar eller løysingsmann. Utløysaren var den som kunne gjera godt att all skade og reisa opp att
frå skam og skuld.

Dei fromme i Israel venta på ein utløysar som skulle fria dei frå synd, skuld, dom og død. Herren sjølv var denne utløysaren. (Salme 19,15, Jes 41,14, Jes 59,20).

Dei mange ord i GT som talar om ein utløysar, peikar fram mot Kristus og den utløysinga frå synd, dom og død som han skulle fullføra på Golgata. Han er forsonaren, utløysaren, mellommannen mellom Gud og menneske, den einaste. Ved tru på han vert me frelste. «Dei vert rettferdiggjort ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus.» (Rom 3,24) «I han har me utløysinga ved hans blod, forlating for syndene etter rikdomen av hans nåde.» (Ef 1,7)

Vår utløysar er i himmelen. Han talar vår sak hjå Gud. Vår sak er i dei beste hender. Han bed for oss (1. Joh 2,1). Job såg utløysaren i eit glimt for ei tid. Me får sjå denne veldige sanning i Ordet sitt fulle dagsljos frå Golgata.

I tru såg Job fram mot lekamen si oppstode frå dei døde. Job visste han måtte døy. Men midt i si djupe naud eigde han ei levande von. Du som trur på Jesus har ein talsmann hjå Gud og ei levande von midt i mørke og naud. Hald fast på det.

Ein song seier det så fint:
En herlig forløser er Jesus for meg.
Han kjente den nød jeg var i.
Min straff og min pine tok Jesus på seg,
og jeg som var skyldig slapp fri.
Min sjel er forløst ved hans blod.
Min sjel er forløst ved hans blod.
Han døde for alle ja også for meg.
Min sjel er forløst ved hans blod.

 
Sambåndet2, Søre Bildøy, 5353 Straume Tlf.: 56 31 42 50 Faks: 56 31 42 41 E-post: imf@imf.no
Aeston