Asle Hetlebakke Forkynner i Nordhordland Indremisjon
Se til at ikke noen gjengjelder ondt med ondt, men jag alltid etter å gjøre det gode, mot hverandre og mot alle.Vær alltid glade! Be uten opphold! Takk for alt! For dette er Guds vilje for dere i Kristus Jesus.Utslokk ikke Ånden! Ringeakt ikke profetisk tale, men prøv alt, hold fast på det gode. Hold dere borte fra all slags ondt. Må han selv, fredens Gud, hellige dere helt igjennom, og må deres ånd, sjel og legeme bevares fullkomne, ulastelige ved vår Herre Jesu Kristi komme!Han er trofast som kaller dere, han skal òg gjøre det.
Paulus sit i Korint og skriv brev til den unge kyrkjelyden i Tessalonika. Paulus hadde vore i byen på den andre misjonsferda si, og Apgj 17 fortel om menneske som tok imot Jesus der. «Dei vende om til Gud frå avgudane, for å tena den levande og sanne Gud», står det i 1,9.
Men ei hard forfylging tok til i Tessalonika. Paulus måtte forlata byen, men sende Timoteus attende for å sjå korleis det gjekk med dei nyfrelste. No er rapporten komen, Timoteus kunne fortelja «godt nytt om trua og kjærleiken dykkar» (3,6). Og då talar ikkje Paulus om ein kyrkjelyd som levde i ro og mak, men i store trengsler. «... de tok imot Ordet under stor trengsle», seier han i 1,6. Kanskje ikkje så rart at bodskapen om Jesu atterkome, som Gud formidlar gjennom Paulus i dette brevet, skal brukast som trøystarord i Tessalonika. (4,18)
I teksten vår er vi i slutten av brevet, og vi får undervisning om korleis dei kristne skal vera mot kvarandre, i det kristne felles-skapet. Ikkje berre i Tessalonika, men alle stader til alle tider. I fred og ufred, i ro og trengsle, vert Jesu etterfylgjarar oppmoda til stadig glede og vedhaldande bøn, takkesong i alle situasjonar, og til å halda fast på det gode framfor det vonde. Her er sanneleg noko å prøva seg på for einkvar. Og bodskapen kjem i bydande form: Ver! Bed! Takk! Hald fast! Her er ikkje noko «dersom det passar slik», eller «om du føler for det». Dette skulle springa ut av livet og samfunnet med Jesus.
Kyrkjelyden i Tessalonika var ikkje perfekt, korkje før eller etter Paulus-breva nådde fram. Du finn heller ikkje ein slik perfekt kyrkjelyd i dag. Men det vert peika på noko særleg viktig i vers 19: «Sløkk ikkje ut Anden». Ei forsamling kan fungera godt både sosialt og organisatorisk om Anden er utsløkt, men det er berre der Anden får rå det kan vera retteleg vokster og gode livsvilkår for at dei kristne kan byggja kvarandre opp.
Så bed Paulus, ikkje berre for dei kristne i Tessalonika, at Herren må halda oppe, helga og verna om sine heilt til han sjølv kjem att. At det enno er mange Jesus-etterfylgjarar i verda, trass alle forsøk på å få dei vekk, viser at «Han som kalla dykk, er trufast, han skal gjera det!»