Stort tap for krinsane

 Jan Inge Nasvik i Nordmøre og RomsdalIndremisjon er skuffet over situasjonen.(FOTO: KÅRE EIKREM) Av Kjell HauanDette er konsekvensen av nye retningslinene for tilbakebetaling av moms som vart fastsett 25. mai i år. Då det i 2001 vart innført tenestemoms vart det sagt at frivillig sektor ikkje skulle verte skadelidande. Difor vart desse meirutgiftene tilbakebetalt 100 […]

  
Jan Inge Nasvik i Nordmøre og Romsdal
Indremisjon er skuffet over situasjonen.
(FOTO: KÅRE EIKREM)

Av Kjell Hauan

Dette er konsekvensen av nye retningslinene for tilbakebetaling av moms som vart fastsett 25. mai i år. Då det i 2001 vart innført tenestemoms vart det sagt at frivillig sektor ikkje skulle verte skadelidande. Difor vart desse meirutgiftene tilbakebetalt 100 prosent fram til 2002.

Sjablongmetoden
Frå rekneskapsåret 2003 vart det bestemt å refundere meirutgiftene etter den såkalla sjablongmetoden. Tanken var å forenkle sakshandsaminga. Nå viser det seg at mange organisasjonar kjem svært dårleg ut ved bruk av denne metoden, mens nokre tener på den.
I ImF er det krinsane som taper på ordninga.  Innføring av tenestemoms førte mellom anna til at ImF måtte plusse på moms på fokynnarfakturaene til krinsane. Fram til 2002 vart denne meirutgifta refundert 100 prosent. Etter dei nye retningslinene får krinsane berre refundert 17 prosent av innbetalt tenestemoms.

Skuffet
I 2003 betalte krinsane 900 000 kroner i tenestemoms. Om dei berre får tilbakebetalt 17 prosent, vil det seie eit tap på 750 000 kroner. For fleire av krinsane er tapet over 100 000 kroner.
Jan Inge Nasvik i Nordmøre og Romsdal Indremisjon er skuffa over situasjonen.
– Vi strever med å kome ut i balanse. Får vi ikkje refundert heile tenestemomsen, kommer dette på toppen av andre utgifter, og eit tap på mellom 40 000 og 66 000 kroner er katastrofalt for vår del. Vi har hatt ei generell kostnadsauke på porto og tenester. Det har vorte dyrare å drive misjon, men gåveinntektene aukar ikkje, fortel Nasvik.

Unøyaktig og urettferdig
ImF har nå på vegne krinsane sendt anke til Momskommisjonen. Denne vert handsama i løpet av november, og svar er venta tidleg i desember. Vert anken teken til fylgje, kan krinsane få refundert 50 prosent av innbetalt tenestemoms. Sjølv om dette er betre enn 17 prosent, taper krinsane likevel til saman 450 000 kroner.
– Sjablongmetoden er unøyaktig og urett-ferdig, meiner Haakon Georg Moe.
– Om fordelingsmodellen skulle vere riktig, er problemet at det er sett av for lite pengar i statsbudsjettet til å dekke meirutgiftene innføring av tenestemoms påførte frivillig sektor. Bevilgningane må difor aukast betydeleg om dagens retningsliner skal behaldast. Alternativet er å gå tilbake til gamal ordning med å tilbakebetale dokumenterte meirutgifter.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.