50-tals på Kyrkjekrinsen

 SANS FOR STIL: Kanskje var det slik dei såg ut,dei som starta Kyrkjekrinsen bedehus for 50 år sidan.Frå venstre: Asgeir Helland, Eivind Skår, Hallvard Marøyog Martin Ivar Kristoffersen.(FOTO: INGRID HELLAND) I jubileumsveka arbeidde alle lag, foreiningar og kor i bedehuset  saman om arrangement tilpassa dei ulike aldersgruppene.Kyrkjekrinsen bedehus ligg midt i eit område i Åsane  […]

  
SANS FOR STIL: Kanskje var det slik dei såg ut,dei som starta Kyrkjekrinsen bedehus for 50 år sidan.Frå venstre: Asgeir Helland, Eivind Skår, Hallvard Marøyog Martin Ivar Kristoffersen.
(FOTO: INGRID HELLAND)

I jubileumsveka arbeidde alle lag, foreiningar og kor i bedehuset  saman om arrangement tilpassa dei ulike aldersgruppene.
Kyrkjekrinsen bedehus ligg midt i eit område i Åsane  som har utvikla seg frå bygd til drabantby dei siste tiåra. Mange menneske finn kvar veke saman i dette huset. Bedehuset er eit stort og tenleg hus, og har vorte ein stad som rommar langt meir enn møte og basarar. Her har dei ulike aldersgruppene sine samlingar rundt Jesus og Ordet som han gav oss.

Jubileumsveka avspegla mangfaldet gjennom barneselskap, pensjonistfest, historisk tilbakeblikk i ord og tonar, konsert med Bjarte Leithaug og kristen-rockgruppa «Seed», ungdomsmøte, 50-tals party, jubileumsfest og «Minns du songen» – arrangement.

Mange hundre menneske fekk denne veka møta livet i bedehuset på nært hald. Jubileumsutstillinga i kjellaren sette fart i mimringa. Der vart m.a. det store Unge Røster – arbeidet , som har sitt utspring i Kyrkjekrinsen bedehus, dokumentert gjennom eit mangfald av bilete.

Mange menneske har desse 50 åra møtt Jesus i bedehuset vårt. Mange har vorte bevart hos han. I dag har mange av dei unge som vaks opp på bedehuset på Nyborg tatt ansvar for kristent arbeid i andre bygder og bydelar. Evangeliet må vidare ut. Me må saman nå ut med Guds ord til folket.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.