Må ha nytt vedtak om hall

Bygging av idrettshall ved Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS) må opp på nytt under helgas årsmøte i Ims, Indremisjonssamskipnaden. Vedtaket frå 2013 var kanskje ikkje juridisk haldbart.

– Det ligg inga kritikk av det tidlegare styret i dette, understrekar noverande styreleiar Ingebrigt S. Sørfonn i Indremisjonssamskipnaden (IMS) ovanfor Sambåndet. For to år sidan vedtok årsmøtet i IMS å byggja idrettshall i ei utfylling i Vikøyevja.

Opsjonsavtale.
Av omsyn til momsrefusjon skulle skulen byggja sjølv. Det er selskapet Framnes Eigedom som eig eigedomen og bygningsmassen på Framnes. Eigar av dette selskapet er IMS, og IMS skulle stå for ein vesentleg del av finansieringa. Føresetnaden var ein opsjonsavtale som gjorde det mogleg at hallen med tomt kunne tilbakeskøytast til IMS etter ti år, til ein kjøpesum som tilsvara verdien av restlånet på det tidspunktet.

– I ettertid har juridiske vurderingar stilt store spørsmål ved om dette er lovleg. Skal hallen med tomt tilbakeførast til IMS, må det truleg skje til marknadspris. Dette gjer at ein del av grunnlaget for årsmøtevedtaket i 2013 er borte. Saka må difor leggjast fram for årsmøtet til IMS på ny, skriv IMSstyret i si innstilling til årsmøtet som vert avvikla denne helga (ekstern lenke).

Edmund Thormodsæter var leiar for IMS-styret i 2013 og sit framleis i styret.

– Me henta inn faglege råd då som tilsa at det kunne gjerast slik. Me kom ikkje med eit framlegg til vedtak til årsmøtet som me ikkje trudde var lovleg, seier han til Sambåndet.

Nytt vedtak.
Ingebrigt S. Sørfonn stadfestar dette. Bakgrunnen for at saka kjem opp på nytt, er at revisor – for litt mindre enn eit år sidan, stilte spørsmål ved om ei mogleg tilbakeføring til IMS kunne gjerast slik styret hadde fått råd om før årsmøtet i 2013.

– Då rådførte me oss på nytt med juridisk ekspertise og fekk eit litt anna svar. Difor bestemte me oss for å leggja saka fram på ny. Og i staden for å visa til 2013-vedtaket og endra på det, legg me alle premissane inn i det nye framlegget til vedtak. Då er det lettare å forhalda seg til det, seier Sørfonn.

Styreleiaren seier han ikkje har nokon grunn til å tru at årsmøtet no skulle seia nei til å byggja hallen.

35 millionar.
Omregulering av det aktuelle området på Vikøyevja til skuleformål, vart godkjent på forsommaren i 2013. Det vart oppretta ein plankomité, og det meste av planarbeidet – inkludert berekningar, konstruksjonar og teikningar – er gjort på dugnad. Styret for Framnes KVGS meiner fleire millionar kroner er spart på planlegging. Skulen ynskjer seg ein hall med utvendige mål på om lag 70 x 37 meter. Skulestyret estimerer kostnadane til 35 millionar kroner ekskludert moms. Skulen kan stilla med 7 millionar i eigenkapital, og banklånet blir dermed 28 millionar kroner.

– Styret for Framnes vurderer det slik at skulen har økonomi til å byggja hallen, med eigen fotballhall, heiter det i eit notat frå styret som ligg ved årsmøtesaka. Klatrevegg er òg med i planane.

Fleire klasserom.
Då Framnes KVGS utvida fagtilbodet med eiga idrettslinje i 1997, auka elevtalet frå om lag 130 til 270 elevar. Internatkapasiteten måtte byggjast ut, og tanken om ein idrettshall kom opp. I strategiplanen for skulen for 2012 til 22 er det eit mål å få reist en slik hall. Skulen har i dag for små og for få undervisningsrom, og med ein idrettshall på plass kan ein byggja dagens gymsal om til fleire store klasserom. IMS-styret gjer framlegg om at det skal finansierast med pengar som er sett av på Framnes Eigedom.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.