Nye funn stadfestar opplysingar i Bibelen

At Bibelen sine forteljingar passar inn i Midtøsten si historie og geografi, er det faktisk det «aller viktigaste kriteriet på historisitet», skriv Anne-Margrete Saugstad i ei ny bok.

Det har nokså sikkert vore forska meir på Israel-folket og landet dei har butt i, så vel som boka som fortel om dette, Bibelen, enn noko anna folk og land. Boka «Bibelen for hovud og hjarte» frå Luther Forlag handlar om Bibelen sine tekstar, deira bakgrunn, profetiar og oppfylling, samt arkeologiske funn.

Apologetikk

Forfattar og tidlegare høgskulelærar Anne-Margrete Saugstad peikar i boka på at arkeologi ikkje dreiar seg om å prove eller motprove bibelforteljingane slik dei står:

– Men historikarane og arkeologane kan lære oss å tenkje på ein annan og for nokre ny måte når det gjeld Israel-folket si historie. Alt som blir forståeleg ut frå tida som forteljingane er plassert inn i, styrkjer autentisiteten. Dette kan vi bruke apologetisk og vise at det er noko ganske anna å halde seg til Bibelen enn til andre religionar, skriv Saugstad.

Historisitet

Ho understrekar at fordi Bibelen sine forteljingar passar inn i Midtøsten si historie og geografi, er det faktisk det «aller viktigaste kriteriet på historisitet».

Gud kalla Abraham til å dra bort frå Ur i Kaldea (Mesopotamia) og til Kanaan ved Middelhavet, ca. 1800 år før Kristi fødsel. Abraham og kona Sara budde i Harran nokre år. Både Ur og Harran er no funne av arkeologar. I Mari, der Harran låg, er det funne dokument som viser at bibelske namn som Nakor, Tarah, Peleg og Serug var vanlege på denne tida. Funn av lover i Mesopotamia samsvarer med skikkar vi kan lese om i historia om Abraham og styrkjer dermed den historiske tilliten.

Funna viser også at semittiske nomadestammer trengde inn over grensene til Mari. Abraham var sjølv semitt (etterkomar av Sem, Noahs son, ifølgje Bibelen).

Bibelen opplyser at Abrahams nevø Lot slo seg ned i Siddim-dalen, der Saltsjøen er no (1. Mosebok 14,3). Fem byer omtales: Sodoma, Gomorra, Adma, Behoim og Bela (Soar). I 1976 gjorde italienske arkeologar viktige oppdagingar i byen Ebla, der 15 000 leirtavler blei funnet. Der blir dei fem byane omtalt og nemnde i same rekkjefølgje som i Bibelen.

Egypt

Går vi til Egypt, har ein oppdaga funn som stadfestar fleire av Bibelen sine opplysingar. Fyrste byen som Abraham kom til i Kanaan, var Sikem. På ein minnestein fortel ein krigsrapport om 3. felttoget til farao Sesostri: «Hans majestet kom til ein stad som heitte Sekmen» (Sikem).

Kvifor er ikkje den store hendinga som Israels-folket sin utgang frå Egypt var, omtalt i egyptiske kjelder? Saugstad nemner at praktisk talt alle hendingar omtalte i egyptiske tekstar, har ein lukkeleg slutt.

– Ei ulukke blir ikkje skildra utan at ein kan opplyse om korleis den blei overvunnen, og ein krig som ikkje endar med siger, blir ikkje tala om.

Eit oppsiktsvekkjande funn er dette: For ikkje lenge sida blei det funne ei steininnskrift som blir datert til ca. 845 f. Kr. som nemner «Davids hus» og «Israel sin konge».

Vitne

Saugstad skriv naturleg nok også om Det nye testamentet. Når det gjeld forskingsresultat, er kanskje noko av det viktigaste det som gjeld Jesu liv og oppstode.

Ho skriv: «Knapt noko i heile antikken er så godt vitna som Jesu oppstode frå dei døydde!» Jesu disiplar som blei totalt forandra frå svik og vantru til modige vitne, må også forklarast. Og ingen fekk lov til å vere ein apostel i urkyrkja utan å ha vore augevitne til Jesu liv, død og oppstode.

Saugstad kjem med denne konklusjonen:

– Historisk sett står Jesu oppstode veldig sterkt, og fornekting av Guds eksistens er det einaste verkelege argumentet ein sit igjen med dersom ein nektar for Jesu oppstode. KPK

Les meir: Her er melding av boka i Sambåndet

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.