PÅ KAFÉ: Prosjektleiar Jeritu Berhanu (48) er ei av dei etiopiske kvinnene som Marit Breen samarbeider tett med. Dei møtest gjerne for eit prat på ein av Ghimbis lokale kafear. Foto: privat

‘- Kvinnekamp utan menn kan skada relasjonar

For misjonær og samfunnsvitar Marit Breen i NMS er det 8. mars heile året. Erfaringar frå Etiopia har lært henne at menn må inkluderast i arbeidet med å styrkja posisjonen til kvinner.

Ho jobbar som «rådgjevar i kjønn og kvinner sine rettar» i ein misjonsorganisasjon (NMS) som faktisk var ute med røysterett for kvinner allereie i 1904 – ni år før kvinner i Noreg fekk allmenn røysterett ved politiske val. Og meir enn halvparten av Det Norske Misjonsselskap sitt Norad-finansierte prosjekt (meir om dette seinare, red.anm.) er no leia av kvinner.

– Eg er stolt av å jobba i ein organisasjon som tek kvinner på alvor, seier Marit Breen og held fram:

– Når eg er på jobb i Etiopia, ser eg korleis kvinnene òg der er verdifulle bidragsytarar når dei berre får sleppa til. Då eg først kom dit, såg eg at kvinnene – der som mange andre stadar – ofte stiller i bakgrunnen, som kaffikokarar og kakebakarar. Men no er situasjonen ein annan.

8.mars

Breen har bakgrunn som samfunnsvitar med MA (Master of Arts – akademisk grad på høyere nivå, red.anm.) i Globale Studier frå Misjonshøgskulen i Stavanger, og ho hadde gjennom studiet sitt stadig fokusert på Afrika som region, og kjønn og kvinner.

– Eg var i Etiopia på ei studiereise i 2003, men såg ikkje for meg då at eg skulle reisa tilbake for å jobba her. Men slik vart det. Mi bachelor-oppgåve handla om kvinneleg kjønnslemleste, med historier òg frå Etiopia. Det kunne ikkje verta meir perfekt enn å enda opp i dette arbeidet, med tanke på både engasjement, utdanning, interesse, og NMS sitt arbeid her, gjennom partnarane sine.

– Er du innerst inne ein kvinne-aksjonist som gjerne går i 8. mars-tog når du synest det trengst?

– Så absolutt. Men eg har faktisk aldri gått i 8.mars-tog – enno, seier misjonæren.

Kulturimperialisme

– På 70-talet var det mykje kritikk mot kristne her i Noreg, der det vart påstått at misjonsorganisasjonane dreiv med kulturimperialisme. Var det ein riktig kritikk, tenkjer du?

– Eg trur at mange ulike aktørar som jobba utanfor Noreg, og spesielt i land i sør på 70-talet, er verdige denne kritikken, inkludert misjonærar og misjonsorganisasjonar. Dette var ei tid der eit imperialistisk tankesett dominerte og prega arbeid i land i sør. Noko av dette tankegodset ser vi diverre enno. Men det vert heile tida utfordra – heldigvis, seier Breen.

Ho meiner ny forsking og kunnskap, meir dialog og aktiv deltaking frå aktørar i land i sør bidreg til at organisasjonar og personar som jobbar i dette feltet, vert halde i øyra til kvar og ei tid.

– I dag ser vi at menneske og organisasjonar ein jobbar med, omtalast som partnarar framfor mottakarar – om det er av bistand, eller evangeliet. Dette er positivt, og absolutt ein dreiing vekk frå ei kulturimperialistisk tenking som vil halda på skiljet mellom «oss» og «dei». Den gamle tenkinga skapte avstand – og passive menneske. Men når menneske og organisasjonar vert sett på som partnarar, vert dei aktive deltakarane i eigne liv og eiga utvikling.

– Ingen kvinneliv er identiske

Når Etiopia står på dagsorden, snakkar Breen ofte om kvinner som står fram, kvinner som trassar den kulturen som har gjort dei underdanige og lite frimodige.

– Eg synest det er viktig å formidla historiene til desse kvinnene. Og mangfaldet. Ingen historier er like, fordi ingen kvinneliv er identiske. Men fellesnemnaren er ofte at historiene ikkje høyrest eller ikke vert gjeve nok merksemd. Dei druknar fordi dei ikkje har «rett morsmål», for å bruka metaforen til den etiopiske juristen. Dette har òg vore tilfelle gjennom historia her i Noreg, og er det enno for enkelte grupper. Me too-rørsla har òg bevist dette. Vi må halda fram med å fortelja historiene, om dei ikkje skal gløymast, og for å halda saker som gjeld kvinner, på agendaen.

– Mennene då, korleis taklar dei denne nytenkinga?

– Vi må òg fortelja dei positive historiene om alle dei mennene som står ved sida, og bak, kvinner og heiar dei fram. Kvinnekamp kan lett verta noko negativt for menn, ja, han kan nokon gonger òg skada relasjonen mellom menn og kvinner. Personleg vel eg ofte å trekkja fram dei gode og framifrå relasjonane, seier Breen og held fram:

– I Etiopia har vi fleire døme på at det er mannen i ein familie som bidreg til å få ein slutt på tradisjonen med kvinneleg omskjering. Eg trur ikkje ein vil nå langt i arbeidet med å styrkja posisjonen til kvinner om ein ikkje inkluderer menn. I kjønnsforsking vert det no i aukande grad fokusert på maskulinitet, og dette vert òg spegla i bistandsarbeidet, og er noko vi òg har nytte av i prosjekta våre.

Økonomisk sjølvstende

ØKONOMI OG INNTEKT: Medlemmer i WEWEPs låne- og sparegrupper i Innango Kobara menighet i Vest Etiopia. Medlemmene samles to ganger i måneden til fellesskap, der de også bidrar med egne sparepenger for å øke gruppas felleskapital, i tillegg til egen sparing. Med større gruppekapital blir det flere lånemuligheter (rentefritt, eller til lav rente). Med dette lånet som starthjelp etablerer kvinner seg med ulike inntektsbringende aktiviteter. Mange livnærer sine familier med dette. Foto: Dag Rune Sameien

Misjonæren fortel at prosjektleiarane deira i Etiopia rapporterer om at dei stadig ser forandringar – sjølv om dei på ingen måte er i mål.

– Fleire ting er avgjerande for den positive endringa: Stadig fleire kvinner får utdanning og opplæring, og fleire får høve til eiga inntekt gjennom låne- og sparegrupper. Dei blir sjølvstendige økonomisk – noko som gjev sjølvtillit til å bidra òg som leiarar utanfor heimen. Det vert gjeve plass til kvinner i ulike slutningsfora, både i kyrkja og i samfunnet elles, gjennom til dømes kvotering.

Breen seier at prosjektet som NMS støttar, Wewep (Western Ethiopia Women Empowernment Program), berre ein del av eit større bilete av kva som skjer av positive forandringar for kvinner i Etiopia.

Prosjektet, som får støtte frå Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid), er drive av den nasjonale Mekane Yesus-kyrkja, som er NMS sin partnar i Etiopia. Programmet handlar om at etiopiske kvinner skal kunna bli sjølvstendige, utdannast og vert gjeve hjelp til sjølvhjelp. Likestilling og kamp mot kjønnslemlesting er òg ein viktig del av prosjektet, ifølgje Norads heimesider.

Enklare å vera jente

TUNG BØR: Shashitu Wajira (50) fra Boji representerer på mange måter et typisk liv for en kvinne på landsbygda i Vest Etiopia. Hun livnærer seg og sin familie på å selge ved – en jobb hun har hatt i over 30 år. Fra salget sitter hun igjen med en fortjeneste på ca 4 kr per bunt. Hennes humoristiske sans og smittende latter gjør det vanskelig for Marit å forstå den historien hun bærer på, for det har ikke vært lett å vokse opp som kvinne i dette området. Foto: privat

– Rykta går om at det no er vorte enklare å vera jente i Etiopia. Stemmer det?

– I ein kultur der kvinner er lærd opp til å vera lite synlege – iallfall utanfor sitt eigen heim, skal det mange krefter til, på ulike felt og frå ulike hold, for å skapa forandring. Ein kvinneleg etiopisk jurist skildrar situasjonen slik: «Patriarkatet er morsmålet til samfunnet vårt. Heilt frå vi er små, lærer vi å sjå ned på kvinner». Det er mykje spennande på gang i Etiopia i desse dagar, endringar som bidreg til eit «anna morsmål». Til dømes har statsministeren tilsett fleire kvinner i parlamentet, og den første kvinnelege presidenten i landet er på plass. Det er elles ei positiv utvikling i arbeidet med å kjempa mot barneekteskap. Og delen av jenter som kjønnslemlestast, går ned. Eg trur vi kan seia at det å fødast som jente i Etiopia inneber langt lysare framtidsutsikter i 2019 enn nokon gong.

Uthald

– Til slutt, Marit Breen, har norske kvinner noko å læra av til dømes kvinner i Etiopia?

– Eg er alltid redd for å svara på slike spørsmål – i frykt for å generalisera. Alle kvinner i Etiopia er jo ikkje i same kategori, og det er til dømes svært store skilnader på livet for ei kvinne på landbygda og for ei kvinne i byen. Men det er kanskje noko med eit uthald som eg har sett i mange etiopiske kvinner. Når han vert brukt positivt for å skapa endring, og blir sett i eit målretta system, har eg sett at strategiane kan vera utruleg effektive. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.