TRUSSAMFUNN: Generalforsamlinga røystar i saka om fullmakt til å slå saman ImF Trossamfunn med andre. FOTO: PETTER OLSEN

Gav fullmakt til samanslåing av trussamfunn

GF ImF-styret fekk fullmakt frå generalforsamlinga til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn. Eit stort mindretal ville berre slå saman med NLM sitt trussamfunn.

BILDØY: 23. oktober gjekk både sambåndet.no og utsyn.no ut med nyheita om at hovudstyra i ImF og NLM begge hadde gjort vedtak om å utgreia og vurdera samanslåing av trussamfunna. Begge styra meinte at generalforsamlinga (GF) måtte spørjast om løyve til dette. 

– Så lenge vårt misjonsfolk ønskjer at ImF skal oppretthaldast som eigen organisasjon, vil vi fremje ei best mogleg samarbeidsånd med søsken i andre organisasjonar og kyrkjesamfunn som står saman med oss i misjonsoppdraget og kampen for klassisk kristen lære, peikar ImF-styret på i saksutgreiinga til GF. I framlegget til vedtak bad ImF-styret om fullmakt til å slå saman trussamfunnet «med andre trussamfunn på evangelisk-luthersk grunn».

For vidt

To av utsendingane frå Bergens Indremisjon meinte denne formuleringa var i breiaste laget.

– Eg trudde det var snakk om samanslåing med NLM Trossamfunn. Med omgrepet «evangelisk-luthersk» kan fem-seks ulike trussamfunn vera aktuelle. Er det klokt å ha det så breitt? Det bør då i alle fall stå ei setning om at styret må koma tilbake til neste GF med eit forslag om samanslåing, sa Skrunes.

Generalsekretær Erik Furnes fekk ordet til forklaring. Han peika på at styret hadde vurdert Skrunes sitt poeng:

– Det er ikkje noko anna på bordet enn NLM, og me inviterte NLM til å vera med i vårt trussamfunn alt i 2015, sa Furnes.

Han viste til at synodeleiar Jarle Skullerud i Frikyrka i 2017 tok til orde for ei brei luthersk frikyrkje.

– ImF-styret trur ikkje dette er så sannsynleg, men me har for sikkerhets skuld bede om ei vidare fullmakt for å sleppa å gå tilbake til GF. ImF og NLM er misjonsorganisasjoner som har eit trossamfunn. Skulle det bli snakk om eit større kyrkjesamfunn, er det noko anna og må fremjast for GF, forsikra Furnes.

Avgrensa

Jan Fosse frå Bergens Indremisjon slo seg ikkje til ro med dette. Han la fram forslag om å avgrensa fullmakta til samanslåing med NLM Trossamfunn.

– Det handlar om teologiske skildnadar og ulikt kyrkjesyn, sa Fosse.

Andreas Bjørntvedt frå Fredheim Arena var derimot positiv til breidda i framlegget frå ImF-styret:

– Nokre av oss står nærare Normisjon enn NLM, sa Bjørntvedt.

103 mot 50

Torgeir Skrunes støtta også framlegget frå ImF-styret, men frå ein litt annan vinkel:

– Eg ser for meg at trussamfunnet skal veksa og organisasjonane i dagens form avta, sa han. I første omgang gjeld det samanslåing med NLM Trossamfunn, sa Skrunes. 

Roald Evensen ville derimot ikkje ha samanslåing i det heile.

– Eg ser ikkje visjonen og skjønar ikkje at vi skal bruke tid og krefter på det, sa han.

Roald Evensen ville ikkje setja fram noko skriftleg forslag, og dermed vart framlegget frå ImF-styret sett opp mot framlegget frå Jan Fosse. ImF-styret fekk då 103 røyster for sitt forslag, medan 50 røysta for Fosse sitt avgrensande framlegg.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.