VER EKTE: – Vi vaksne må tørre å fortelje noko anna enn suksesshistorier, seier Ann-Helen Sperrud. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

‘- Må snakka til unge som om dei var i framand kultur

Dagens ungdomar lever i ein annan kultur enn dei som er nokre tiår eldre. Vaksne kristne må tenkja på det når ein skal formidla tru til unge, meiner Ann-Helen Sperrud i Ungdom i oppdrag.

– Vi kan ikkje halde fram med å kommunisere tru til ungdom slik vi har gjort før, meiner Ann-Helen Sperrud.

Ho har tenåringar tett på seg til kvardags i arbeidet i Ungdom i Oppdrag (UIO) der ho er nestleiar.

Konferanse 

– Alle nye generasjonar er ulik den førre, men dei unge i dag er mykje meir ulike generasjonen før dei enn vi har sett tidlegare, sa ho ved innleiinga av Link-konferansen i Storsalen i Oslo onsdag.

Konferansen hadde overskrifta Gi oss styrke og mot! og undertittelen Medvandring, disippelgjøring og formidling blant ungdom, og Sperrud har vore med i programkomiteen i år.

Sosialt 

Ho beskriv ei tid der alle generasjonar nok meistrar bruken av ein smarttelefon, men den har ei heilt anna rolle i ungdomskulturen enn for foreldre og besteforeldre.

– Ungdom skil ikkje mellom det å vere sosiale på nett og det å vere sosial fysisk. Det flyt saman, sa ho.

Dermed er dei meir relasjonelle enn tidligere generasjonar, og dei er det med mange fleire på grunn av dei sosiale digitale plattformane.

– Dette gjer kanskje at dei opplever at det vert stilt store krav til dei, seier ho til Kristelig Pressekontor.

Juridisk språk

Sperrud meiner Bibelen har eit slags «juridisk språk» som gjer det utfordrande å kommunisere til tenåringar. Boka snakkar om lov og straff og Gud som dommar.

– Også kristne tenåringar er vane med dette språket. Men sjølv om Jesus kom til verda fordi vi som menneske har synda, og for å ta straffa i staden for oss, kommuniserer ikkje dette uten vidare godt inn i ungdomskultur i dag, meiner ho.

Framandkulturelle

Sperrud meiner vaksne kristne må sjå på ungdom dels som framandkulturelle.

– Om du er misjonær, må du vite korleis du kommuniserer inn i ein annan kultur. Og ungdom i dag har ein annan kultur enn oss vaksne. Dei er som framande, sa ho frå talarstolen på Link.

 Ungdom er så påkobla omverda i digitale kanalar, og dei plukkar opp meir av skamkulturen i samtida  enn vaksne ofte er merksame på.

– Som kristne veit vi at vi kan få syndene våre tilgjevne, men eg er usikker på kor godt dette kommuniserer til tenåringar i dag. Om vi trur at dei tenkjer slik som oss, trur eg vi bommar. Dei veks opp i eit postkristent land, der det er blitt skikkeleg umoderne å seie at det finst ei objektiv sanning. For dei er sanninga relativ, og det som er sant for deg, er ikkje naudsynlegvis sant for meg. Men viss ikkje noko er sant, kva slags tilhøve skal vi då ha til synd og formidlinga av at det finst ein Frelsar, spurde ho retorisk.

Gapestokken tilbake

Ho trakk fram at skam er ei universell kjensle, uavhengig av kulturell samanheng. Men kva ein skammar seg over, er høgst ulikt frå land til land, frå generasjon til generasjon.

– Alle skammar seg ikkje over dei same tinga. I dag ser skam litt annleis ut enn for berre 10 eller 15 år sidan. I dag kan skam vere knytta til eit nakenbilete du sendte til ein du stolte på, men som vart delt med mange andre, eller ein video frå ein fest du var med på, der du gjorde noko dumt, sa Sperrud og held fram:

– Vi har fått tilbake gapestokken. Dét er skam, det!

Ho minner også om at ungdom er pålogga 24 timar i døgret, sju dagar i veka. Dei er ustanseleg digitalt tilkopla. Sperrud meiner dette seier mykje om kva vilkår unge menneske lever under.

Må vere autentisk

Sperrud meiner noko av medisinen kan vere vaksne kristne som snakkar sant og ope om seg sjølv.

– Vi må fortelje om autentiske liv. Unnskyld uttrykket, men tenåringar har ein «bullshit-radar». Det gjer dei ekstremt flinke til å avsløre når det du fortel om livet ditt, eigentleg ikkje er heilt ekte. Dei avslører dette før vi har fått sukk for oss. Derfor må vi vaksne tørre å fortelje noko anna enn suksesshistorier, seier Sperrud som sjølv har gjort akkurat dette.

– Om vi er ærlege nok til å fortelje dei historiane der vi sjølv bomma skikkeleg, om vi viser dei ekte liv, då gjev vi ungdomar ein veg ut av sin eigen skam. NRK-serien Skam vart så god fordi han tok det som er knytta til skam, fram i lyset. Serien ga ein plattform for å snakke om skam. Tør vi å gjere det same? Eg vonar det, sa Sperrud som la til:

– Den einaste måten å bli kvitt skam på, er å dele han med andre og så få aksept. Det er då hjarte vert knytta saman, og ein som er pålogga 24-7, lengtar etter å vite at dei er akseptert og elska. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.