REKTOR: Øystein Engås blir ny leiar for Møre barne- og ungdomsskule. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Eks NLM-leiar blir rektor for ImF Sunnmøre

Øystein Engås er tilsett som ny rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund frå 1. august 2021.

Det går fram av ei pressemelding frå ImF Sunnmøre, som eig skulen.

«Møre», som skulen vert omtala som i daglegtale, ligg på Hatleholen i indre bydel i Ålesund. Skulen starta i 1996 og har 110 elevar på ungdomstrinnet.

Hausten 2020 sto eit nytt skulebygg til 40 millionar ferdig, og skulen er no i ferd med å bygge opp barnetrinn frå 1.-7. klasse i dei nye lokala.

– Formidabel jobb

Noverande rektor Signe Reidun Urtegård har leia skulen dei siste sju åra. Det blir understreka i pressemeldinga at ho har vore med på å vidareutvikla skulen på ein framifrå måte, samt leia det store og omfattande byggjearbeidet.

– Signe har lagt ned ein formidabel jobb som leiar og rektor på skulen vår, og vi skulle gjerne hatt ho ved roret på Møre vidare, seier styreleiar for Møre barne- og ungdomsskule, Arild Ove Halås og held fram: 

NLM Norge

– Når ho no ynskjer å gå over i ny jobb i det offentlege, er vi svært glade for at det la seg slik til rette at vi kunne tilsette Øystein Engås. Hans solide leiarerfaring og kompetanse var det styret ønska for vår nye rektor.

Øystein Engås har dei siste åra vore lærar ved skulen på Hatleholen. Han har tidlegare vore leiar for NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) sitt arbeid i Norge, han var med og bygde opp det omfattande arbeidet i Misjonssalen i Ålesund som forsamlingsleiar, og han har vore misjonær for NLM i Bolivia.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.