ENDRINGAR: Tre av undervisningsvideoane om menn og kvinners teneste vil bli spelt inn på nytt, medan andre vil bli redigert. FOTO: PETTER OLSEN

‘- God respons, men forma treng justering

Etter samtalen i Misjonsrådet blir det nokre formmessige endringar i videoane frå ImF om menn og kvinners teneste. Publisering er difor utsett til etter sommarferien.

– Sjølve undervisninga i videoane fekk god tilslutning frå leiarane som møtte i Misjonsrådet, men det kom nokre reaksjonar på ramma rundt og framlegginga. Det må vi ta ein ny runde på, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF til sambåndet.no.

Saman med assisterande generalsekretær Andreas Evensen står Furnes for undervisninga i serien, med Sambåndet-journalist Vilhelm Viksøy som moderator eller samtaleleiar.

Samandrag

Abonnentane på Sambåndet kunne i det nummeret av bladet som kom ut tysdag denne veka, lesa eit samandrag av det teologiske innhaldet i serien. Her gjekk det òg fram at planen var å gjera dei åtte første videoane offentleg tilgjengeleg nokre dagar etter Misjonsrådet, som møttest 15. og 16. juni. Nokre dagar deretter igjen skulle den niande videoen, men dei praktiske konsekvensane for organisasjonen, publiserast. Tanken var å opna for refleksjon før ein fekk konklusjonen.

– Videoane vil framleis bli publisert med pause mellom dei åtte første og den siste, men det vil altså no ikkje skje før etter sommarferien, opplyser Furnes.

Furnes og Evensen har drøfta reaksjonane frå Misjonsrådet og har kome fram til at det er naudsynt med justeringar. Det kan til dømes skje ved å setja inn nokre undertekstar.

Respekt

– Vi må ha respekt for at dette er eit tema der den einskilde sine bakgrunnsopplevaingar og kjensler spelar inn. Difor må vi gjera alt vi kan for at ramma rundt ikkje skal vera forstyrrande. Vi har brukt lang tid på å førebu undervisninga, og difor vil vi ikkje forhasta oss med offentleggjeringa, seier generalsekretær Erik Furnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.