Nede for telling, men vil reisa seg under jorda

– Vi er teknisk konkurs, seier eigaren av den einaste kristne bokhandelen i hovudstaden. Men på veg inn i påska ser Hans Petter Foss ljos i tunnelen.

Bokhandlar Hans Petter Foss ser det som livsoppgåva si å syte for at Oslo sentrum har ein bokhandel med eit breidt utval av kristen litteratur. Han kan ikkje bli anklaga for å frykte utfordringar. Heile den kristne bokbransjen har gått i motbakke i fleire år, særleg dei to siste. Men der andre ville gitt opp, held Foss det gåande og investerer alt han har.

12.april, rett før påske, fyller han 76 år, men trekkjer seg ikkje attende til eit passivt pensjonistliv. Til det er livsverket for viktig. Han kan ikkje gi opp no.

Teknisk konkurs

Etter to tunge pandemi-år ser han no fram mot lysare tider. For Hans Petter Foss trur det er liv laga for det nedtynga bokhandleriet hans, Bok & Media.

 – No er vi vel stort sett ute av pandemien. Kva er tilstanden for bokhandelen?

– Vi er nede for telling og teknisk konkurs, seier Foss i ei openhjertig samtale med Kristelig Pressekontor.

Tida sidan 12. mars 2020 har nesten tatt knekken på prosjektet han reiste opp av asken etter Vivo-konkursen i 2016. Då erklærte han at i Akersgata 47 skulle det vera ein kristen bokhandel – slik det har vore sidan 1868. Han kjøpte derfor Vivo-butikken sitt varelager og reetablerte bokhandelen han sjølv dreiv i dei same lokala frå 1984 til 2011. Varemerket Bok & Media vart plukka fram på nytt og klistra på vindauga ved inngangspartiet.

Då starta den verkelege jobben. Dei første tre driftsåra peikte pilane jamt oppover, sjølv om det måtte mykje innsats og kapital til. Foss tok sjølv den finansielle hovudbøra og investerte alt han hadde av pengar og pantsette husveret der han og kona Kari bur.

Så kom pandemien.

TRANGT: – Då pandemien kom, mista vi 25 prosent av omsetninga, seier bokhandlar Hans Petter Foss i Akersgata i Oslo. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Aksjekapitalen vekk

Sidan våren 2020 er heile aksjekapitalen forsvunne.

– Hovedårsaka er pandemien. Vi hadde tre år til å bygge opp firmaet, for så lang tid tek det, men då pandemien kom, mista vi 25 prosent av omsetninga. Dette var det vi skulle flyte på, oppsummerer Foss, som fortel at 2021 vart det vanskelegaste koronaåret.

– Det var ille i fjor. Då hadde vi 1,2 millionar kroner i underskot, seier han.

Då hjalp det lite med 100.000 i statleg koronastøtte.

– 2-3 millionar kroner er vekk, av dette 2,2 millionar i aksjekapital. Privat har eg tatt opp eit kredittlån med ramme på 5 millionar kroner i banken med tryggleik i husveret vårt. Pengane har eg så lånt ut til butikken. Så Bok & Media har ein stor kreditor, og han heiter Hans Petter Foss, seier han med eit smil.

– Og han er du på godfot med?

– Ja, men eg kan ikkje halde fram med å subsidiera drifta med fleire hundre tusen i året, innrømmer Foss, som ikkje tener ei krone på verksemda og lever av ei ikkje altfor stor alderstrygd.

I mars, april og mai i fjor var Oslo sentrum omtrent nedstengd. Det traff Bok & Media hardt, for butikken har alltid vore avhengig av tilreisande kundar frå alle kantar av landet.

– Å drive kristen bokhandel berre for eit bypublikum, går ikkje. Oslo er heller ikkje ein by med verdas mest kristne befolkning, så vi treng mange kundar utanifrå. I fjor vår turte ikkje folk å dra inn hit. Hadde vi ikkje hatt nettbokhandelen, hadde vi vore ferdige, konkluderer Foss.

Under jorda

Bok & Media bit seg fast i Akersgata, men ikkje utan endringar. Frå nyttår har dei hatt ein ny avtale med gårdeigaren, KLP Eiendom, som gjer at bokhandelen berre skal nytte ein etasje. Hyllene i lokala på gatenivå er i ferd med å bli tømde. Grunnen er at heile bokhandelen snart går under jorda. Før sommaren vil han kun halde til i underetasjen.

Der slepp Foss oss inn i dei aller innerste og mest heilage romma. Her, heilt inntil grunnmuren mot nabogården, har han eit bønerom. Midtpunktet er eit lite alter og krossen til Jesus. Han heng på ein rustikk raud teglsteinsvegg. Fire stolar står i ein halvsirkel vend mot krossen. Nede frå undergrunnen kan det høyrast rumling frå t-banen. Elles er det fredfullt i rommet der Foss sukkar mot himmelen for bokhandelen og den verda han gjerne vil nå.

Utan boka, døyr vi

Over inngangen til denne delen av kjellaren står det skrive «Katakomben kultursenter». Og opplevinga av krypt og undergrunn er sterk. Den passar godt med det som no skal skje med Bok & Media. Nå skal bokhandelen friste tilveret under bakkenivå, som dei forfylgde kristne i Roma for lenge sidan.

Lågare husleige

Dette grepet gjer at husleiga vert mykje lågare. Med mindre areal og trappespringing kan personalet arbeide meir effektivt. Då trengst det færre hender. Somme har slutta, og talet på årsverk vert redusert endå meir i løpet av nokre månader. Då vert lønsutgiftene også lågare.

Medan underskotet vaks og vaks, mørna pandemien gårdeigaren som etter kvart sa seg viljug til å krevje lågare husleige. Leiga vert endå meir redusert med den nye avtalen. No vert Bok & Media sine «boutgifter» 800.000 kroner i året i staden for 2 millionar. Med det kan dei bli i lokala. Den nye avtalen varer til juni 2024 og betyr at det vert annan verksemd i 1. etasje.

– Vi ber om og voner at det kjem ein strikkebutikk der. Det vil trekkje kvinnelege kundar som også gjerne kjøper bøker. Vi vil gjerne ha felles inngang, og så må vi ha heisen klar så folk som ikkje er «gangbare», kjem seg ned til oss, seier Foss.

FORTEL: I Katakomben inst i bokhandelen tek Hans Petter Foss med seg betalende gjester på ei vandring gjennom Bibelen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Grunna dei ulike endringane ser han no ljos i den økonomiske tunnelen. Visjonen har han i alle høve intakt:

– Utan boka, døyr vi. Bøker som er oppbyggelege, gir noko til sjelen, noko vi kan reflektere over, seier Foss, som i fjor haust også opna den permanente bibelutstillinga «Veien» i Katakomben.

– Dette er eit kall for meg. Det er hjartet mitt og livet mitt. Kva skal eg elles bruke tida mi til? Utstillinga og bokhandelen er det aller viktigaste eg kan bidra med, men vi er avhengige av at folk kjøper og les bøker som reflekterer meir av trua. Det har vore vanskeleg, men vi har ikkje gitt opp. Og så lenge eg har kona med på laget, kjem eg ikkje til å gjera det heller. Dette firmaet kjem ikkje til å gå konkurs, men vi må ha hjelp av dei i kristenfolket som framleis er opptekne av ordet, seier bokhandlaren i Akersgatas undergrunn. KPK

Reportasjen er laga av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.