ROGNE: Dette bygget, like ved Voss sjukehus, er det Egill Danielsen Stifting trekkjer fram i den nye søknaden til Utdanningsdirektoratet. FOTO: PETTER OLSEN

Danielsen stussar over sakshandsaming på Voss  

Ei sak om mogleg bygg for Danielsen-skule på Voss, er trekt grunna ordføraren si utsegn i lokalavisa.  

21.mars skreiv sambåndet.no at Egill Danielsen Stifting (EDS) enno ein gong må utsetja oppstart av planlagd friskule i Voss herad. Grunnen er at det ikkje har vore mogleg å få godkjent eit skulebygg.

Heile seks bygg har vore vurdert, og fire av desse har vore brukt av tidlegare Voss vidaregåande skule. Godkjenninga av sjølve skulen krev oppstart innan hausten 2022. Ettersom tida er i ferd med å renna ut, har EDS søkt om fornying av godkjenninga.

Husflidskule 

Eitt av bygga som har vore vurdert, er lokala til tidlegare Voss husflidskule på Seim. 5. januar i år søkte eigaren av bygget heradet om dispensasjon frå den gjeldande reguleringsplanen slik at det kunne drivast skule i bygget. Dispensasjonssøknaden gjaldt for fem år. Eigedommen vart for to år siden omregulert til bustadføremål.  

På vegner av byggeigaren viste firmaet Cardo til at bustadmarknaden på Voss ikkje har gitt grunnlag til å setja i verk bygging av bustader på eigedommen. Eigaren av husflidskulebygget er òg medeigar av tidlegare Voss vidaregåande skule avdeling Rogne – no 4H-skulane på Rogne.

SEIM: Eigedomen der Voss husflidskule tidlegare heldt til, vart for to år siden omregulert til bustadføremål. FOTO: PETTER OLSEN

 

Rogne 

«Eier har tilbudt å stille gamle Voss Husflidskule til disposisjon som midlertidig skole i inntil fem år for Danielsen, og samtidig se hvordan Danielsen ungdomsskole kan innpasses i pågående regulering av 4H-skulane på Rogne», skriv Cardo i dispensasjonssøknaden. Eigedomen på Rogne ligg i nærleiken av Voss sjukehus. 

I e-post datert 12. januar informerer Voss herad om at saka er tildelt sakshandsamar og sendt på lokal uttale i heradet. Saka ville truleg bli handsama på formannskapsmøte 28. april, går det fram av e-posten. 

Skeptisk 

I lokalavisa Hordaland 17. januar blir ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) intervjua om dispensasjonssøknaden. Avisa skriv at ordføraren er skeptisk. 

– For det fyrste tenkjer eg at Voss i dag har ein stram bustadmarknad. Det er behov for gode bustadprosjekt, ikkje minst retta mot fyrstegongsetablerarar og tilsvarande grupper. Difor synest eg det er rart om ikkje bustadutviklinga vert prioritert, blir ordføraren sitert på, og Ringkjøb held fram: 

– Elles meiner eg at me alt har ein god ungdomsskule på Voss, og me treng ikkje konkurranse som i verste fall kan skapa vanskar for den gode offentlege ungdomsskulen. Finansieringa skjer som kjent frå same potten, så det blir mindre til den offentlege skulen dersom det blir etablert ein privatskule ved sida av, seier Ringkjøb. 

Trekt 

Som eit resultat av denne utsegna, trekkjer byggeigaren dispensasjonssøknaden i ein e-post datert 4. februar. Det blir med andre ord ikkje noko av den planlagde handsaminga i formannskapsmøtet 28. april. Dette er ei avgjerd som Egill Danielsen Stifting (EDS) var einig i. 

Dagleg leiar i EDS, Asle Ystebø, har merka seg utsegna til ordføraren. 

– Vi opplever det slik at ordføraren uttalte seg så detaljert og prinsipielt om saka før politikarane hadde fått den på bordet, at det ikkje er hensiktsmessig å gå vidare med dispenasjonssøknaden, seier Ystebø til Sambåndet. 

Overfor Sambåndet har ikkje ordføraren nokon kommentar til Asle Ystebø si vurdering. – Eg held fast på at eg er skeptisk til ei endring vekk fra bustadområde, seier Hans-Erik Ringkjøb.  

Dialog 

Men EDS har ikkje gitt opp å starta friskule på Voss. I søknaden til Utdanningsdirektoratet om fornying av godkjenninga til å starta ungdomsskule, er det bygget på Rogne som blir trekt fram.  

– Vi har dialog med eigedomsforvaltarar på Voss, og fleire av dei bygga som har vore vurderte til no, kan framleis bli aktuelle, seier Asle Ystebø.   

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.