KJENSLER: – Eg har alltid sagt at eg ynskjer å slutta med glede, med ei god oppleving av det som har vore. Det seier Johan Halsne når han blir spurt om korleis det blir å slutta i ImF Sunnmøre. Bildet er frå Leiakonferansen i 2024. FOTO: PETTER OLSEN

Johan Halsne skiftar beite

Til hausten blir Johan Halsne leiar for kretsen i Rogaland i staden for på Sunnmøre.

Publisert onsdag 29.01.25 kl. 09.11.

– Det er viktig å slutta medan ein framleis har føtene langt framme i skorne, seier Halsne til sambåndet.no.

Over ti år

Johan Halsne inntok det luftige kretsleiarkontoret i Vikakroken i Ålesund kommune 1. januar 2015. Når den høgreiste 61-åringen går inn døra på Ognatun og tar over leiinga av ImF Rogaland 1. september, har han dermed vore kretsleiar på Sunnmøre i ti og trekvart år.

Det er meir enn dobbelt så lenge som han og kona Aud såg føre seg då dei flytta oppover frå Halsnøy i Ryfylke. Aud Kindervåg Halsne byrja som dagleg leiar i misjonseigde Plussreiser alt 1. februar 2014.

– Me tenkte vel begge då at fem år var passeleg i slike leiarstillingar, hugsar Halsne.

Flyttar

15. august i fjor vart det klart at Aud Kindervåg Halsne ønskte å gå av som dagleg leiar for Plussreiser, der ImF Sunnmøre er stor eigar. Ny leiar er ikkje på plass enno, og ho fungerer framleis i stillinga. Frå hausten går ho inn i ei stilling som prosjektmedarbeidar i Plussreiser, også ho med base i Rogaland.

Det er førebels ikkje klart kvar ekteparet skal busetja seg.

– Vi feira nettopp 40 års bryllupsdag, så vi har tenkt å bu saman framleis, humrar Johan Halsne.

Radarpar

Så er det då også slik at dei har vore to om det på Sunnmøre.

– Den eg er, er eg ikkje berre på grunn av meg, men fordi vi er to, seier Halsne filosofisk.

Aud og Johan har vore saman som høvesvis reiseleiar og forkynnar på turar i Plussreiser-regi, og ikkje minst også på ulike arrangement, eller «eventar» som amerikainspirerte Johan uttrykkjer det.

– Det har me fått mange tilbakemeldingar på. Det handlar om å våga å spela kvarandre gode saman som eit ektepar. Det er veldig viktig, streker Johan Halsne under.

RADARPAR: Johan Halsne har lagt armen rundt kona Aud Kindervåg Halsne på den første leiarkonferansen til ImF, i 2017. Dei sit saman med Anne og Erik Furnes. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Mållaus

Styreleiar Sigurd Nybø i ImF Sunnmøre seier til sambåndet.no at kretsstyret fekk nyheita av Halsne sjølv som siste punkt på styremøtet måndag kveld.

– Då eg skulle prøva å seia nokre ord, vart eg mållaus. Så det var ei stor overrasking der og då, fortel Nybø.

Forståeleg

Når styreleiaren har fått summa seg litt, noterer han poenget i at Halsne har vore i leiarjobben i om lag ti år.

– Eg ser at det er ei vurdering han må ta, og slik sett er det forståeleg. Aud sa jo også opp som dagleg leiar i Plussreiser i fjor, så heilt overraskande var det eigentleg ikkje, resonnerer Nybø – og legg til:

– Johan har løfta ting her på Sunnmøre, i form av arrangement, som aldri har skjedd før. Johan er ein svært godt likt mann som vil bli sakna av mange.

Ny mann

Kretsstyret hadde ein liten prat heilt på slutten av møtet måndag kveld, og alt 3. februar vil dei samlast igjen for å starta arbeidet med å finna ny kretsleiar.

– Vi jobbar for ein større leiar enn oss sjølve, og Vår Herre har nok noko godt liggjande for oss i denne settinga òg. Nå får vi starta arbeidet umiddelbart, og eg vil seia det så sterkt at eg er roleg for at vi har ny mann på plass i god tid før 1. september, seier Sigurd Nybø.

Den oppriktige oppsummeringa fra styreleiaren lyder slik: – Vi er takknemlege til Johan for jobben han har gjort!

Delstilling

I ImF Rogaland skal Johan Halsne, etter eige ynskje, ha 80 prosent stilling som kretsleiar. Dei siste 20 prosenta held han framleis litt ope, men lar det skina gjennom at han har noko på gong.

– Innanfor stillinga på 80 prosent er avtalen at eg kan leiga meg ut til andre aktørar. Men det vil først skje etter 1. januar 2026, seier Halsne.

Både kretsen i Rogaland og på Sunnmøre er i omorganisering som følgje av strukturprosessen i indremisjonsfamilien. Rogaland har valt ein modell der ansvar blir flytta ut frå kretskontoret til lokale nettverk.

– Eg ynskjer å bruka tida mi mest mogleg på det eg er sterkast på, som forkynning og relasjonsbygging, seier Halsne.

Møteplassar

Halsne er klar over at det ikkje alle stader i Rogaland er grunnlag for å gå frå foreining til forsamling. Då må ein som krets utvikla ei løysing, peikar han på.

– Konkret kan det ta form av å skapa møteplassar gjennom arrangement som er med på å styrkja og byggja relasjonar, seier Halsne.

Han stadfestar at han mellom anna tenkjer på stader i Nord-Rogaland. Frå 2005 og utover hadde han ei prosjektstilling i ImF sentralt med Nord-Rogaland og Ryfylke som arbeidsområde. Då var han mellom anna to dagar i veka i Haugesund, knytt til ImF-forsamlinga der.

– Den erfaringa er nyttig å ha med seg, seier han.

Kontakt

1. august i fjor gjekk Reidar Røyland inn i eit engasjement på eitt år som kretsleiar for ImF Rogaland. 26. april sa tidlegare kretsleiar Torgeir Lauvås til sambåndet.no at «kretsstyret er i dialog med folk med tanke på permanent kretsleiar frå 1. august 2025».

Johan Halsne opplyser at det var kontakt mellom han og kretsstyret gjennom 2024, og at dette leia fram til ein avtale i slutten av fjoråret.

Rivjern

Kari Helen Garheim er styreleiar i ImF Rogaland. Det var eit utval i kretsstyret som jobba med saka, og Garheim stadfestar overfor sambåndet.no at dei snakka med fleire personar.

– Vi er veldig heldige som har fått Johan Halsne til ny kretsleiar. Han har mange av dei kvalitetane vi har vore ute etter. Vi veit kva for arbeid han har drive, og – for å seia det på godt jærsk – kva for eit rivjern han er. Så dette er vi veldig godt nøgde med, seier Kari Helen Garheim.

«RIVJERN»: Både Johan Halsne sin næraste overordna no, styreleiar Sigurd Nybø, og hans nye sjef i Rogaland, Kari Helen Garheim, beskriv Halsne som ein kretsleiar som får ting gjort. Bildet er frå Leiarkonferansen 2024. FOTO: PETTER OLSEN

Bærekraftig

Kva var det så som trigga Johan Halsne til å ta på seg leiarstillinga i Rogaland?

– Rogaland er eit fylke der ein finn igjen mykje av det som ligg i entreprenørskapen på Sunnmøre. Ut frå det ser eg med spaning fram til å vera med på å vidareutvikla arbeidet i Rogaland, seier Halsne.

61-åringen trekkjer også fram at han kjenner mange i Rogaland.

– Det er mange ressurssterke i misjonsfolket som kan løfta i flokk og vera med på å skapa noko i det framtidige arbeidet i Guds rike.

Glede

Når det gjeld det å slutta av på Sunnmøre, siterer Halsne seg sjølv:

– Eg har alltid sagt, og det står eg ved, at eg ynskjer å slutta med glede, med ei god oppleving av det som har vore.

Dinest trur han det er lurt at det kjem nye krefter inn i ei slik stilling etter ei viss tid.

– Så er det jo slik at eg har passert 60 år. Skulle eg skifta jobb ein gong til før eg blir pensjonist, var det kanskje på tide, konstaterer han.

Sorg

– Kva kjensler du trur du at de vil ha når flyttelasset går?

– Eg trur det vil vera ulike kjensler. Me har trivest veldig godt her oppe. Måten folket her har møtt oss på, med openheit, støtte og positiv tilbakemelding, har sørga for det. Så det vil vera ei grad av sorg på grunn av sterke band som no blir meir avstandsrelaterte. Det gjeld både misjonsfolket og kolleger.

– ImF Sunnmøre er i omorganisering. Kva skjer når du forsvinn?

– Første trinn i prosessen, med Haram som eit kraftsenter, er starta, og ein trio i administrasjonen har fått i oppgåve å driva det vidare. Eg er ikkje redd for det.

ImF førsteval

– Du satsar vidare i ImF. Kva tenkjer du om framtida for organisasjonen?

– For meg er det slik at så lenge eg jobbar i noko som er misjonsrelatert, og ImF har den retninga dei har no – med takhøgde for å tenkja ulikt om enkelte ting og vera samde om det sentrale – er ikkje nokon annan organisasjon aktuell. Det har vorte viktigare og viktgare for meg å våga å retta blikket utover våre forsamlingar til dei som enno ikkje trur, og slik vera med på å gå med Guds ord til folket. Dette Ordet har evnen og kraft til å forandre liv også i 2025.

Næringsliv

I pressemeldinga som er sendt ut av ImF Sunnmøre, er det nemnd at Halsne også har jobba i privat næringsliv. Han har vore sauebonde og jobba elleve år i laksenæringa og fire år i eit entreprenørfirma.  I tillegg har han også vore aktiv innan politikk.

– Vurderte du no å gå til ein jobb utanfor misjonen?

– Det har eg gjort ei vurdering på, og eg hadde nok også hatt moglegheit til det. Men så lenge eg finn glede og overskudd i å formidla, trur eg det er det mest bærekraftige eg kan bruka mine ressurser på, seier av- og påtroppande kretsleiar Johan Halsne.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.