HARDANGER: Vestland fylkeskommune er positiv til at mIsjonseigde Framnes kristne vidaregåande skule får 18 nye elevplassar. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV
Snudde til fullt gjennomslag for Framnes
Vestland fylkeskommune er positiv til at Framnes kristne vidaregåande skule får utvida tilbodet med 18 elevplassar. Med knappast mogleg margin vender fylket derimot tommelen ned for 30 nye elevplassar ved Danielsen intensivgymnas.
9. oktober i fjor skreiv sambåndet.no at delvis ImF-eigde Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS) hadde søkt om å få utvida antal elevplassar frå 270 til 288. Dei 12 ekstra plassane var fordelt på seks elevar på idrettsfag og 12 på studiespesialisering. Bakgrunnen var auke i søknadstalet til skulen, og at grensa på 270 gjorde at ein «stanga i taket».
Ja til Framnes
I vår har søknaden vore til uttale i Vestland fylkeskommune. Det endelege resultatet vart at vertsfylket tilrår Utdanningsdirektoratet (Udir) å innvilga søknaden på begge punkt.
Slik dei politiske signala no er, er det dermed mest sannsynleg at Udir seier eit endeleg «ja».
Ville ha nei til studiespes.
Det var likevel ikkje plankekøyring for Framnes i fylkeskommunen. Til hovudtval for opplæring og kompetanse 30. april tilrådde fylkesdirektøren å seia «ja» til utviding av seks elevplassar på idrettsfag, men «nei» til 12 ekstra plassar på studiespesialisering.
Rune Haugsdal viste til at medan offentlege Kvam vidaregåande skule ikkje har tilbod om idrettsfag, har skulen ein klasse per trinn innan studiespesialisering. Tilbodet frå Framnes er dermed «ein direkte konkurrent til den fylkeskommunale skulen … og vil kunne føre til utfordringar med dimensjonering av tilbodet der», argumenterte fylkesdirektøren.
Hovudutvalet
I hovudutvalsmøtet sette Bjarte Helland (uvahengig, UA) fram forslag om å seia nei til dei seks plassane på idrettsfag – og dermed nei til alle 18. Dette var det berre representanten for Raudt (R, Jeanette Onarheim Syversen) som støtta han i.
På vegner av KrF (1), H (3) og Frp (2) sette Jon Olav Økland (KrF) fram forslag om å seia «ja» til seks ekstra plassar på idrettsfag og også dei 12 ekstra på studiespesialisering som fylkesdirektøren ikkje ville gå inn for.
Dette vart sett opp imot fylkesdirektøren si innstilling, som fekk fleirtal med ni mot seks røyster. Fleirtalet (frå Ap, Sp, SV, R og UA) ville altså ikkje at Framnes skulle få auka opp på studiespesialisering.
Fylkesutvalet
Det var dette som snudde då saka kom til fylkesutvalet 13. mai. På vegner av KrF (1), Frp (2), H (5) og V (1) sette Trude Brosvik (KrF) fram forslaget frå hovudutvalet om å seia «ja» til alle dei 18 ekstra plassane. Dette fekk fleirtal med ti mot fem røyster på punktet om idrettsfag og med ni mot seks røyster angåande studiespesialisering.

BERGEN: Vestland fylkeskommune går imot at Danielsen intensivgymnas skal få auka elevtalet.
Nei til Danielsen
I dei same møta handsama politikarane også søknad frå Danielsen intensivgymnas i Bergen, eigd av ImF og NLM gjennom Egill Danielsen Stiftelse, om utviding av 15 elevplassar på VG 1 naturbruk og 15 på VG 2 akvakultur.
Fylkesdirektøren meinte dette ville få «negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet». Rune Haugsdal utdjupa med at fylkeskommunen si dimensjonering innan dei to fagområda, og også tilfanget av læreplassar, «blir sett på som tilstrekkeleg … i Bergen og dei næraste kommunane, særleg i lys av forventa elevtalsutvikling».
Nådde ikkje fram
Både i hovudutvalet og i fylkesutvalet sette KrF fram alternativt forslag om å seia «ja» til søknaden på begge punkt. Dette vart nedstemt med ni mot seks røyster i hovudutvalet og med ni mot åtte røyster – knappast mogleg – i fylkesutvalet.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!