TEK OVER: Rune Tobiassen vert ny dagleg leiar for Tro & Medier etter Jarle Haugland som etter 15 år sluttar til hausten. Foto: Tro & Medier.
Han blir ny leiar for Tro & Medier
Han har bakgrunn som pastor og høgskulelektor. No tek Rune Tobiassen over som toppleiar i Tro & Medier etter Jarle Haugland.
Haugland vert til hausten generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), medan Tobiassen ifylgje ei pressemelding frå Tro & Medier, startar i halv stilling som dagleg leiar frå 1. oktober og tiltrer for fullt frå årsskiftet.
ImF er ein av medlemsorganisasjonane i Tro & Medier.
Forfattar
46-åringen har ein mastergrad i systematisk teologi frå MF vitenskapelig høyskole og har i fleire år vore hovudpastor i Østsida Frikirke i Kristiansand. Ved sida av har han hatt ei 20 prosents stilling som høgskulelektor ved NLA Høgskolen i Kristiansand.
Tobiassen er ein aktiv trusformidlar og skreiv i 2023 boka 17 grunner til at jeg er kristen.
– Tydeleg
– Vi er svært glade for å få Rune med på laget. Han kombinerer solid teologisk ballast med tydeleg kommunikasjon og stort engasjement for evangeliet i møte med mediene, seier Tro & Medier sin styreleiar, Per Byrknes.
Kall
– Tro & Medier har eit viktig kall i vår tid, og eg brenn for å gjere Jesus synleg i mediene og for å bidra til å vere ei tydeleg, varm og samlande kristen røyst, seier Rune Tobiassen.
– Eg trur mange lengtar etter freden berre Jesus kan gi, men takkar nei til bodskapen eller innpakninga. Her har vi eit kall som kyrkje og medieaktør, seier han vidare. KPK
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!