NY SJEF: Arild Ove Halås tar skrittet opp frå aministrasjonsleiar i ImF Sunnmøre til krinsleiar, fram mot sommaren 2026. Her er han i aksjon under ImF sin leiarkonferanse i november 2023. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Arild Ove Halås konstituert som krinsleiar

Administrasjonsleiar Arild Ove Halås i ImF Sunnmøre blir konstituert som krinsleiar, og Johan Halsne blir leigd tilbake i 20 prosent.

Det melder krinsstyret i ImF Sunnmøre i ei pressemelding 1. september.

Johan Halsne hadde sin siste arbeidsdag som krinsleiar i ImF Sunnmøre søndag 31. august. Som tidlegare meldt går han no inn i stillinga som krinsleiar i ImF Rogaland.

Utlysing

Stillinga som krinsleiar på Sunnmøre har vore utlyst to gonger, og søknadsfristen for andre gongs utlysning går ut i dag, måndag 1. september. Sambåndet kjenner til at fleire har søkt på stillinga.

– Krinsstyret i ImF Sunnmøre har ikkje gått til tilsetjing av ny krinsleiar og vil arbeide vidare med denne saka opp imot konkrete personar i tida framover, heiter det i pressemeldinga.

Duo

På denne bakgrunn er det ikke overraskande at Arild Ove Halås (58), som tok over som administrasjonsleiar i krinsen 1. mars, vart spurt om å gå inn som konstituert krinsleiar. Han har svara ja til dette. Konstitueringa gjeldt fram til ny krinsleiar vert tilsett, men likevel ikkje lenger enn til sommaren 2026.

Samstundes melder krinsstyret at Johan Halsne vil verta leigd inn i ei 20 % stilling til ImF Sunnmøre, «i første omgang fram til sommaren 2026». Han vil arbeida med konkrete oppgåver/prosjekt samt i vinter/vårsemesteret også ha noko møteverksemd i krinsen.

To krinsar

Da Halsne vart tilsett som krinsleiar for ImF Rogaland, var det i ei 80 prosent stilling.

«Innanfor stillinga på 80 prosent er avtalen at eg kan leiga meg ut til andre aktørar. Men det vil først skje etter 1. januar 2026», sa Halsne til sambåndet.no 29. januar i år.

Aud og Johan Halsne har selt einebustaden i Ålesund og kjøpt leiligheit i Sirevåg, ikkje longt fra krinskontoret til ImF Rogaland på Ognatun.

Framleis pastor

Arild Ove Halås har kombinert delstillinga som administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre med å vara hovudpastor i Emblem bedehusforsamling. Av pressemeldinga går det fram at han vil halda fram i stillinga si på Emblem også etter at han går inn som konstituert krinsleiar.

Halås har vore tilsett i ulike stillingar i ImF i mange år og var krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon frå 2006–2018.

– God løysing

«Krinsstyret er takksam for at Halås og Halsne vil gå inn i desse oppgåvene, og det er gjort grep som gjer at ein vurderer at dette vil vere ei løysing som fungerer godt for ImF Sunnmøre i tida framover», heiter det i pressemeldinga.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.