AGDER: Om lag 400 elevar frå KVS Lyngdal deltok på misjonsløpet i sentrum. FOTO: ANDREAS KJØNDAL
Sprang inn over ein million til misjon
Misjonsløpet til elevane på KVS Lyngdal onsdag ligg an til å gi 1,4 millionar kroner til misjons- og bistandsorganisasjonen Mission Aviation Fellowship.
Det blei klart under torsdagsmøtet på den ImF-eigde skulen 23. oktober. Det er avdelingsleiar Livar Apeland, som er kontaktperson for styret i samband med årets misjonsprosjekt, som opplyser dette til sambåndet.no.
– 1,4 millionar blir summen når alle sponsorane har betalt inn. Med det er elevane allereide på god veg mot målet om to millionar kroner, peikar Apeland på.
Sponsorar
Misjonsløpet gjekk føre seg i Lyngdal sentrum. Om lag 400 elevar var med, og runden som skulle springast, var på 420 meter. I løpet av den timen løpet varte, sprang ein av elevane til dømes 28 rundar. Det tilsvarar 11.760 meter.
Elevane oppmoda både kjente og mindre kjente til å sponsa dei, anten med eit fast beløp eller per runde. Målet var at innsamla beløp skulle vera oppe i ein million kroner etter misjonsløpet. Det «overoppfylte» altså elevane med 400.000 kroner.
Fleire aktivitetar
Elev og aksjonsleiar Alfred Matteus Årikstad fortel til lokalavisa Lister 24 at dei tidlegare har samla inn pengar til misjonsprosjektet på foreldredagen 20. september, og at dei seinare i skuleåret skal ha nattcup og andre aktivitetar for å nå målet om to millionar kroner.
Misjonsprosjektet til KVS Lyngdal dette skuleåret skal altså samla inn pengar til eit prosjekt som den flygande misjons- og bistandsorganisasjonen Maf (Mission Aviation Fellowship) har på Madagaskar.

MISJON: Runden som skulle springast, var på 420 meter. FOTO: ANDREAS KJØNDAL
– Løfta blikket
Marte Jerpstad er tilsett i ungdomsorganisasjonen Maf Co-pilot og var til stades i Lyngdal under misjonsløpet.
– Vi i Maf er veldig takknemlige for at elevane vil løfta blikket til noko som kan redda liv. Dei er med i eit prosjekt som sender helsearbeidarar til isolerte landsbyar der dei ikkje har tilgang på vegar og sjukehus, seier ho til Lister 24.
Misjon
Aksjonsleiar for elevane, Alfred Matteus Årikstad, la også vekt på ei anna side ved Maf sitt arbeid:
– I tillegg til helsearbeidarar sender Maf også inn evangelistar og pastorar, som fører folk til Jesus. Vi synes det er bra at Maf også set dette høgt, i tillegg til å gi helsehjelp og bistandsarbeid. I Jesus har vi frelsen og det evige livet, strekar Årikstad under.
Skuleåret 2024/25 samla elevane ved KVS Lyngdal inn 1,7 millionar kroner til Ingen Utelatt sitt arbeid i Uganda.












Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!