NORHEIMSUND: Framnes kristne vidaregåande skule kan no ta inn fleire elevar. FOTO: PETTER OLSEN
Framnes får 18 ekstra elevplassar
Utdanningsdirektoratet har godkjent søknaden frå Framnes kristne vidaregåande skule om å få utvida talet på elevplassar frå 270 til 288.
Publisert 20. november 2025 kl. 13.21.
Det går fram av ein brev frå Utdanningsdirektoratet (Udir) som sambåndet.no har fått innsyn i. Godkjenninga gjeld frå skuleåret 2026/27.
– Dette er ein god nyhet å gå til skulestyret med, seier rektor Harald Voster i ein kommentar.
9. oktober 2024 skreiv sambåndet.no at delvis ImF-eigde Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS) hadde søkt om å få utvida antal elevplassar frå 270 til 288. Dei 12 ekstra plassane var fordelt på seks elevar på idrettsfag og 12 på studiespesialisering. Bakgrunnen var auke i søknadstalet til skulen, og at grensa på 270 gjorde at ein «stanga i taket».
Frå delvis «nei» til heilt «ja»
Vestland fylkeskommune uttalte seg om søknaden i vår. Til hovudtval for opplæring og kompetanse 30. april tilrådde fylkesdirektøren å seia «ja» til utviding av seks elevplassar på idrettsfag.
Fylkesdirektøren tilrådde derimot å seia «nei» til 12 ekstra plassar på studiespesialisering, fordi han meinte dette ville bli «ein direkte konkurrent» til fylkeskommunale Kvam vidaregåande skule.
Som sambåndet.no skreiv 22. mai, enda den politiske handsaminga likevel med at fylkeskommunen sende positiv uttale på begge punkt. Slik dei politiske signala frå Ap-regjeringa er, låg det dermed an til eit «ja» frå Udir.
Klassestorleik
Hausten for tre år sidan var første gong Framnes KVGS var over 270 elevar. Skuleåret 2025/26 har skulen 269,6 teljande elevar. Dette har med kor mange som er heiltidselevar å gjera.
– Har vi 30 elevar i kvar klasse, er det ein god storleik. No kan vi ta to fleire, og då er vi eventuelt oppe i 288. Vi kan senka skuldrane litt, seier Voster.
Auke
Dei siste fem åra har søknaden til skulen auka. Tidlegare var det 1,5 søkjarar til kvar elevplass på VG1, medan det no ligg på tre søkjarar til kvar elevplass.
I godkjenningsbrevet viser Udir til den positive uttalen frå Vestland fylkeskommune:
– Utdanningsdirektoratet legger til grunn at endringen i skolens tilbud ikke vil få
negative konsekvenser for det offentlige skoletilbudet, og at det er behov for endringen, skriver avdelingsdirektør Einar Simonsen Plahter.
















Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!