SUNNMØRE: Elevene som flytter inn på internatet til blant andre Sjøholt folkehøgskole, vil fortsatt kunne få 40 prosent av lånet omgjort til stipend. FOTO: SAMBPÅNDET ARKIV
Folkehøgskule-elevar slepp kutt i stipend
Elevar på folkehøgskule kan spara nesten 40.000 kroner kvar på budsjettforliket i Stortinget natt til onsdag.
– Jubelen er stor ute på folkehøgskulane, skriv nettstaden folkehogskole.no.
Natt til onsdag blei det klart at også neste års elevar kan få omgjort 40 prosent av studielånet sitt til stipend. Det kan bety ei besparing på nesten 40.000 kroner per folkehøgskule-elev.
Folkehøgskule-elevar får utbetalt studiestøtten som eit lån frå Lånekassen. Når dei har fullført året utan for stort fråvær, blir 40 prosent av studielånet gjort om til stipend som ikk,e skal betalast tilbake.
«Effektive utdanningsløp»
I Ap-regjeringa sitt opprinnelege forslag til statsbudsjett låg det inne at folkehøgskule-elevane berre skulle få gjort om 15 prosent av studielånet til stipend frå og med hausten 2026.
Kunnskapsdepartementet (KD) grunngav forslaget med at dei ønskjer å «stimulere til effektive utdanningsløp». Vidare står det: «Den foreslåtte endringa vil i større grad gi dei same vilkåra for stipendomgjering i folkehøgskulen som i høgare utdanning. Målet er at flest mogleg skal kome raskt i gang med den høgare utdanninga og ut i arbeid.»
Forhandlingar
Folkehogskole.no skriv at alle dei fire partia regjeringa forhanda om statsbudsjettet med – Senterpartiet, Rødt, MDG og SV – la inn i sine alternative statsbudsjett at dette kuttet skulle reverserast. Dette er det no fleirtal for når Stortinget skal vedta statsbudsjettet på fredag.
Som Sambåndet skreiv i nummeret som kom ut 19. november (8/25), blei Ap-regjeringa sitt forslag møtt med store protester.
Aksjon
– For oss to folkehøgskulane i Ålesund kommune er dette svært tunge nyheiter. Vi trur færre grupper kan ta seg råd til slike danningsår når stipendandelen blir urettferdig låg samanlikna med andre studium. Vi treng alle skuleslag med i arbeidet for å løfta unge fram til å kunne fungera godt i samfunnet. I dette strevet har folkehøgskulane stort å bidra med, skreiv rektor Sven Wågen Sæther ved misjonseigde Ålesund folkehøgskole på Facebook 21. oktober.
Han oppmoda til å signera eit protest-opprop på nettstaden underskrift.no. Per 4. november hadde vel 35.000 sett namnet sitt under.
Lov
Samstundes var bibelskulerektorar i tvil om kuttet i stipend også ville gjelda for deira elevar. 24. mai kunne Dagen melda at det ikkje ville skje: «Bibelskoler får tilskudd fra staten etter privatskoleloven, kapittel 6A. Elever i bibelskoler er derfor ikke rammet av kuttet i stipendandelen som gjelder elever i folkehøgskoler», skreiv statssekretær Sindre Lysø (Ap) i ein e-post til avisa.
Med andre ord var det lovplasseringa som i denne omgang berga bibelskule-elevar frå forslag om stipend-kutt. Som sambåndet.no meldte 18. april i fjor, er det imidlertid sett i gong eit utgreiingsarbeid om moglege alternative lovplasseringar av mellom anna bibelskular. Folkehøgskulelova er eitt slikt alternativ. I eit brev datert 28. juni i fjor ber KD skulane som ligg under privatskulelova i dag, om å koma med «egne vurderinger av mulige alternative lovplasseringer».
Bildøy
ImF-eigde Bildøy bibelskole er i sitt svarbrev klar på at overgang til folkehøgskolelova «i første omgang ikke er aktuelt for oss». Rektor Andreas Evensen og dåverande styreleiar Edvard Thormodsæter vurderer det slik at bibelskulane «utgjør et annet skoleslag enn både folkehøyskolene og fagskolene» (sistnemnde ligg under fagskulelova, red.merk.). Dei ser det slik at «dagens bestemmelser i privatskoleloven er skreddersydd nettopp for denne gruppen av skoler».
Skule-leiinga poengterer også at «folkehøgskoleloven har noen bestemmelser som vil gjøre det vanskelig/umulig for flertallet av bibelskoler å bli folkehøgskole» og nemner krav om internat og antal elevar som døme. Bildøy bibelskole rår dermed til at kapittel 6A i privatskulelova blir bevart. Fleire andre bibelskular har samme type vurdering.
Fjellhaug
I motsetnad til leiinga på Bildøy meiner rektor og styreleiar på NLM-eigde Fjellhaug bibelskole at «overgang til folkehøgskolen (…) kan være svært aktuelt», sjølv om Fjellhaug, som bibelskule, «må gjøre flere endringer for å kunne bli folkehøgskole».
Det kjem likevel klart fram i brevet at det er von om enda betre finansiering som ligg bak den positive haldninga til ei mogleg flytting til folkehøgskolelova: «Målgruppen for våre utdanningstilbud er unge mennesker som ikke har økonomi til å kunne betale for en opplæring som ikke har god, offentlig finansiering (…) Når det gjelder folkehøgskolene, registrerer vi at de har en relativt trygg og forutsigbar tilskuddsordning», skriv rektor og styreleiar i svarbrevet av 30. september i fjor.
Utval
På Dagsnytt 18 på NRK torsdag 30. oktober i år opplyste statssekretær Sindre Lysø at regjeringa vil setja ned eit nytt utval som skal sjå på utdanningsstøtta. Dette kan også føra til endringar for bibelskuleelevar. Utvalet skal leggja fram sine tilrådingar i 2027.








Trackbacks & Pingbacks
[…] Elevar på folkehøgskule kan spara nesten 40.000 kroner kvar på budsjettforliket i Stortinget natt til onsdag, skriver Sambåndet.no. […]
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!