STORD: Innan 1. juli må IMS og Sunn Bok flytta ut av IMS-huset i Leirvik. FOTO: Øyvind Eikre, Meglerhuset Rele Haugesund AS

IMS-huset i Leirvik er selt

Indremisjonssamskipnaden har selt huset sitt i Leirvik sentrum for 6,1 millionar kroner.

Det opplyser styreleiar for Indremisjonssamskipnaden (IMS), Bernt Arild Gjøvåg, til sambåndet.no.

– Det er med litt vemod at me sel, men det er absolutt det rette for misjonen, seier Gjøvåg.

Lokal kjøpar

Styreleiaren vil overlata til kjøparen å eventuelt gå ut med namn på ny eigar.

– Det eg kan seia, er at det er lokale aktørar som har gått saman om å kjøpa bygget. Det synest eg er positivt.

Styreleiaren har ikkje informasjon om kva dei nye eigarane vil bruka bygget til. Det var ikkje knytt noko vilkår i samband med salet til den framtidige bruken.

Treng nye lokale

– Overtaking er sett til 1. juli, og både IMS-administrasjonen og Sunnbok må ut innan denne datoen, seier Gjøvåg.

Framover vil det difor bli arbeidd med å finna nye lokale til begge partar. Sunn Bok er eigd av IMS og ImF Stord.

– Nye kontorlokale er ikkje så vanskeleg, for det er mykje ledig på marknaden, men Sunnbok er ei større utfordring. Forretningen er avhengig av å ha like god eller betre plassering enn i dag. Skulle omsetnaden gå ned, vil det ha alvorlege konsekvensar for Sunnbok, så dette er eit bøneemne, peikar Gjøvåg på.

Sette ned prisen

Som sambåndet.no skreiv 30. august 2024, vart bygget lagt ut med prisantydning på 7,5 millionar kroner.

– Det har lege ut lenge, og før jul vart prisen sett ned til 6,0 millionar. Salsummen på 6,1 millionar er me vel korkje nøgd eller misnøgd med. Det viktigaste er at bygget treng omsorg, og me treng å fokusera på misjon. Dei som har kjøpt, er fagfolk i det å eiga eit bygg, medan IMS ikkje har hatt eigedomsutvikling som primæroppgåve, konstaterer Gjøvåg.

Det var to bodgivarar, der den andre ikkje var lokal. Dei som fekk tilslaget, hadde det høgaste bodet.

Sunnhordland

Pengane frå salet blir ein del av bildet når krets og forretning no skal på leiting etter nye lokale. Det er ikkje avgjort om det blir kjøp eller leige.

– Krets og forretning kan bli samla i nye lokale, men det kan også bli separat. Generalforsamlinga for Sunnbok er høgaste organ for forretninga, men kretsen ønskjer å prøva å finna den aller beste løysinga, seier Gjøvåg.

Det er ikkje skrive i stein at administrasjonen må halda til i Leirvik. Fleire stader i Sunnhordland kan vera aktuelle.

– Kanskje det kan bli samlokalisering med anna kristen verksemd, tenkjer Gjøvåg høgt.

Lang historie

Vemodet som styreleiaren også kjenner på, har samanheng med at bygget har vore i IMS sitt eige heilt sidan 1946.

– Bygget har betydd veldig mykje og er på mange måtar eit signalbygg. Men det er eit slitent signalbygg, og det som er godt for oss i IMS-styret, er at me nå skal få gi administrasjonen mykje mer tenlige kontorlokale. Me vonar det kan bli eit ekstra løft i arbeidet med å nå ut og i det å samarbeida, seier styreleiar Bernt Arild Gjøvåg i IMS.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.