FEKK IDÉ: Roald Evensen har mange år med røynsle som emissær. Det var han som fekk ideen til Mann 26. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Vil aktivera menn på bedehusa

Roald Evensen såg at aktive menn er mangelvare i bedehus-Norge. Det ville den mangeårige forkynnaren gjera noko med.

Onsdag 21. januar inviterer Indremisjonsforbundet for første gong til eit stort sentralt møte berre for menn, Mann 26. Det finn stad i Straume Forum på Sotra vest for Bergen, og målet er å motivera menn til større ansvar og sterkare engasjement i bedehusarbeidet.

Lokalt initiativ

ImF-kvinnene har ein meir enn 50 år lang tradisjon med eigne kvinnefestar, men mennene har ikkje hatt noko liknande. No vert det ei endring på dette.

– Arrangementet spring ut frå eit lokalt initiativ, og det ynskjer vi å støtta. Vi vil ikkje pressa tiltak ned over hovuda på folk, men heller samarbeida når det alt finst engasjement og eit ynskje om å få til noko. Der ligg også styrken i dette slik at det kan vara over tid, seier Kenneth Foss, arrangements- og marknadsansvarleg i ImF sentralt, til Kristelig Pressekontor.

Fekk ideen
Det var ImF sin forkynnarveteran Roald Evensen som fekk ideen til samlinga. I sitt eiga 70-årslag lufta han tanken om eit møtepunkt berre for menn, og 14. mai 2024 samla han ei gruppe mannfolk for å lodda stemninga for eit slikt møtepunkt.

– Etter det gjekk eg til ImF-gjengen med ideen, til Straume Forum og til bibelskulen på Bildøy, fortel Evensen til KPK.

Mangelvare

Han har mange års røynsle som emissær og har registrert at aktive mannfolk er mangelvare i bedehus-Noreg.

Tanken er nå å etablera eit mannsforum som skjerpar appetitten på å vera ein Gudsmann i misjon, i heimen og i forsamlinga. Ifylgje Evensen er det ynskjeleg med ei årleg storsamling og gjerne mindre lokale samlingar gjennom året.

MENN: Mannfolk, som er etterspurde på norske bedehus, tek gjerne i eit tak når noko praktisk skal gjerast, som her under klargjeringa av storstova Straume Forum på Sotra der ein gamal trebåt skulle berast på plass i lokalet. Foto: Atle Våge.

Lokale mannssamlingar har det vore ein del av i ImF tidligare òg, men ikkje storsamlingar av det slaget som kjem onsdag 21. januar.

Fleire grunnar

Kenneth Foss forklarer at det er to hovudmål med Mann 26.

– For det fyrste ser vi at menn mange stader har trukke seg meir attende frå arbeidet på bedehusa, medan kvinner ber mykje av tenesta. Det er flott at kvinnene er med, men vi vonar denne samlinga kan inspirera fleire menn til å ta del i arbeidet att.

Modellar

Den arrangements- og marknadsansvarlege fortel at ImF ynskjer å lyfta fram eksempel på godt lokalt mannsarbeid.

– Det skjer mykje positivt kringom, og gjennom å visa fram ulike modellar, vonar vi at fleire kan bli medvitne og kan hende starte eigne tiltak, seier Foss.

SKAL TALA: – Eg trur også mannen har fått eit ansvar i familien og i Guds forsamling som eg vonar vi kan snakka om på ein god måte, seier Jarle Haugland. FOTO: KJETIL FYLLINGEN

Programmet

Arrangementet er avgrensa til éin onsdagskveld med generalsekretær Jarle Haugland som talar. Deltakarane får tilbod om pizza, brus og bøn, sang, quiz og innslag.

Eks-fotballspelar Arve Walde er gjest på podiet. Han er no pastor og har stått fram med historia si om spillavhengigheit.

Samlinga er for menn i alle aldrar, med ImF sentralt, Bildøy Bibelskole, Frekhaug Indremisjon og forsamlingane ImF Straume og INRI-fellesskapet som arrangørar.

Forventing

Jarle Haugland skal tale under arrangementet. Generalsekretæren i ImF uttrykkjer stor forventing til kvelden på Sotra og legg vekt på krafta i forkynninga.

– Eg gler meg til å tala der. Ikkje primært fordi det er eit mannsarrangement, men fordi eg har stor tru på forvandlingskrafta i Guds ord. Det gjeld anten ein snakkar til kvinner eller menn, seier Haugland.

Ansvar

Samtidig meiner han samlinga gir rom for å lyfta fram menn sitt ansvar i heim og kyrkjelyd:

– Eg trur også mannen har fått eit ansvar i familien og i Guds forsamling som eg vonar vi kan snakka om på ein god måte, slik at endå fleire menn reiser seg opp og tek det ansvaret med frimod.

Ulike

Generalsekretæren tykkjer det er positivt at Mann 26 er berre for menn, og han samanliknar det med dei viktige samlingane kvinner har hatt gjennom åra.

– Det er utelukkande positivt med reine mannsarrangement, på same måte som det er bra med kvinnemøte. Kvinner og menn er ulike, og eg meiner det er sunt å ha arenaar der tema, tone og relasjonar handlar om det å vera ein menn som ynskjer å fylgja Jesus i vår tid, seier Jarle Haugland.

POSITIV: – Om ImF si mannssamling vert eit årleg arrangement, vil det over tid kunne sette djupare spor i Indremisjonsforbundet, trur mannsaktivisten Einar Helgaas. Foto: Kjetil Fyllingen.

Mannsaktivist
Einar Helgaas har arbeidd med mannsarbeid i 11 år, mellom anna gjennom Mannspodden.

«Om forsamlinga fremstår som for kjensledriven, sentimental eller altfor mjuk, så mistar mange menn interessa», uttalte han nyleg i eit intervju med KPK.

– ImF har gjort noko for menn før, men ikkje i denne skalaen. Om dette vert årleg, vil det over tid kunne setja djupare spor. Det vil gagne mennene og sjølvsagt også kvinner og barn i ImF.

Trend

– Kvifor trur du dette kjem no?

– Dei siste 15 åra har det vakse fram nærare 20 ulike kristne mannsarbeid med leirar, seminar og kveldar. Opptakta til dette har derfor funne stad fleire plassar i landet. Eg trur at ImF har plukka opp både trenden og behovet, seier Helgaas.

Han meiner kvinner samlar seg lettere enn menn. Den årlege Kvinnefesten i ImF samlar som kjent fleire hundre kvinner.

– Det er både på tide at slike tilbod for menn kjem, og at dei faktisk har kvalitetar som trekkjer menn, meiner Helgaas.

Spent

Mannsaktivisten vurderer programmet slik at det er lagt ned mykje arbeid for å få dette til.

– ImF vil stå på for gutane i organisasjonen, og eg er spent på kva langsiktige spor dette kan skapa. Spørsmålet er om dei lukkast med å etablera ein årleg tradisjon og finna ein profil som trekkjer menn over tid, seier Helgaas.

Kvinnestøtte

Også frå spinnesida kjem det tilrop til samlinga. Marit Mulelid er nestleiar i Betlehem, ImF-forsamlinga sentralt i Bergen, og synest det er positivt med Mann 26. Ho ser mange menn i Bergen Indremisjon sitt arbeid, men er glad det kjem eigne møte på sverdsida.

– Det kan absolutt bli bra. Eg synest det er positivt at det vert sett i gang eigne samlingar for menn også. Kvinnefestane på Bildøy har vore veldig fine, og eg unner menn å få noko tilsvarande. Godt at det vert teke initiativ til noko slikt, seier Mulelid.

RIKARE: – Eg vonar at Mann 26 gjer mennene som tek del, rikare. Det unner eg dei verkeleg, seier Anja Ulveseth Heggen. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Spissa

Anja Ulveseth Heggen var dagleg leiar i ImF og delte toppvervet i organisasjonen med Runar Landro fram til Jarle Haugland overtok 1. oktober i fjor. Ho deler Mulelid sitt synspunkt.

– Dette kan bli eit flott og viktig møtepunkt. Eg veit det lenge har vore eit ynskje å få til ein sånn type konferanse, og eg trur det er veldig sunt, for då kan ein spisse arrangementet mykje meir inn mot det ein ynskjer å formidla, seier ho.

– Eg vonar at Mann 26 gjer mennene som tek del, rikare. Det unner eg dei verkeleg, seier Anja Ulveseth Heggen. KPK

Artikkelen er skriven av Øyvind Olav Sydow Kleiveland, KPK – kpk@kpk.no. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

Les også: Refleksjon rundt et innbrudd på Mosby bedehus (18.01.26).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.