GIR SEG: Til hausten sluttar Marit Hårklau Ådnanes som dagleg leiar for IMS. Her held ho innlegg på generalforsamlinga til ImF i fjor. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Sluttar som dagleg leiar i IMS

Marit Hårklau Ådnanes sluttar som dagleg leiar av Indremisjonssamskipnaden (IMS) frå 1. august.

Onsdag ettermiddag 18. februar gjekk IMS ut på Facebook-profilen sin med utlysing av stilling som kretsleiar. Nokre timar seinare stadfesta Marit Hårklau Ådnanes på eigen profil at tida hennar som dagleg leiar går mot slutten.

– Eg har hatt ein meiningsfull og spennande jobb som dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS) i mange år. Etter ei samla vurdering over lang tid har eg kome fram til at det no er rett for meg å slutta i stillinga, skriv Ådnanes.

Blanda følelsar

Den avtroppande leiaren vedgår at det ikkje har vore ei lett avgjerd etter 20 år i organisasjonen, dei første sju åra i barne- og ungdomsarbeidet.

Kvar vegen går vidare, veit ho ikkje enno.

– Å slutta skjer sjølvsagt med blanda følelsar. Spesielt vil eg savna alle fine menneske eg har møtt desse åra, held Ådnanes fram.

Blitt kjent med mange

Ho peikar på at ho har «farta land og strand» og etter kvart kjenner nokon i dei fleste bygder i Sunnhordland, Hardanger og Voss (pluss Bjørnefjorden og Samnanger).

Og som ho legg til: «Kva er vel ei bygd utan menneska som bur her?»

Kjenner seg rik

Ådnanes roser medarbeidarar, styreleiarar og styremedlemmer og avdelingane i kretsen.

– I det heile så kjenner eg meg veldig rik etter desse åra; alt eg har fått vore med på, alt eg har lært. Og ikkje minst har Gud gått med, alle dagar og alle slags dagar. Noko har eg også lært på harde måten, skriv Ådnanes.

Forsamlingsutvikling

Særleg motiverande for henne har det vore å arbeida med forsamlingsutvikling.

– Gud vil sunne og gode kristne fellesskap, verdas framtid og håp, avsluttar ho Facebook-innlegget.

Første kvinne

Marit Hårklau Ådnanes har hatt tittel som dagleg leiar, fordi ImF har det synet at tilsynsoppgåvene som ligg til kretsleiarstillinga, er for menn som er eigna til det.

I stillingsutlysinga står det at kretsen «ser etter ein tydeleg og samlande leiar med hjarte for forkynning og misjon. Stillinga inneber å kombinera åndeleg leiarskap med strategisk og administrativt ansvar».

Det står òg at «I samsvar med likestillings- og diskrimineringslova § 30 tredje ledd, jf. § 9, kan det bli stilt krav i tråd med IMS sitt kristne grunnlag».

Søknadsfrist er 15. mars.

Les også: Lar oss følge Jesu lidelseshistorie på podkast (faste).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.