UTVIDA: Molde bedehus er eitt av fleire i indremisjonsland som dei siste åra er oppgradert. FOTO: PETTER OLSEN

Bedehus kan få utvida momskompensasjon

Bedehus kan få si eiga ordning for momskompensasjon for kostnadar knytt til oppgradering.

Det går fram av eit vedtak i Stortinget 26. mars i år. Bakgrunnen var eit forslag frå tre stortingsrepresentantar frå Senterpartiet (Sp).

I representantforslaget peika Erling Sande, Maren Grøthe og Kjersti Toppe på at det i dag er om lag 5500 organisasjonseigde bygg i Norge. Døme er grendehus, samfunnshus, ungdomshus og bedehus.

Fell utanfor

Om lag 60 prosent av desse blei reist mellom 1880 og 1960, og dei fleste har dermed store behov for oppgradering, tilpassing og vedlikehald.

– Sjølv om eigarlaga kan søkja meirverdiavgiftskompensasjon for vanleg vedlikehald, fell nybygg, påbygg og ombygging utanfor dagens ordning, skriv stortingsrepresentantane.

Moms

Det inneber at organisasjonane sjølve må bere momsen også når arbeidet er naudsynt for å sikre universell utforming, energieffektivisering eller tryggleik. Dei tre nemner døme som å utvide eit toalett for å gjera det tilgjengeleg for rullestolbrukarar, eller byte tak med nytt og betre materiale.

Den einaste aktuelle støtteordninga er den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg.

Lite til frivillige

– Kommunane prioriterer pengane, men over tid har ein svært liten del gått til dei frivillige, skriv Sande, Grøthe og Toppe.

Dei konkretiserer med at i 2023 fekk organisasjonseigde bygg berre om lag 16 prosent av totalen på knapt 84 millionar kroner.

Etterslep

Dei viser til prosjektet Huset i bygda, som blir drive av Noregs Ungdomslag. Dei har registrert eit vedlikehaldsetterslep på rundt to milliardar kroner på organisasjonseigde bygg.

– Lokalsamfunna sjølve skaffar store delar av pengane, men det trengst eit større løft for å hindra at fleire bygg blir rivne eller forfell, skriv Sp-representantane.

Kompensasjon

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget handsama forslaget, og det blei debattert 24. mars. Det blei fleirtal for eit vedtak i to punkt. For det første å be Ap-regjeringa om å «greia ut ein særskild andel for frivillige lag» innanfor den nemnde støtteordninga, eller «på annan måte sørgja for at fleire midlar kjem fram til dei frivillige laga».

I punkt to blir regjeringa beden om å vurdera ei eiga momskompensasjonsordning knytt til oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming og koma tilbake til Stortinget «på egnet måte».

Høyring

ImF leverte høyringsfråsegn i samband med representantforslaget. Generalsekretær Jarle Haugland peikar mellom anna på at det blir lagt ned eit omfattande frivillig arbeid for å halda bygga i drift, men legg til at «dugnadsinnsats alene kan ikke kompensere for strukturell og økonomiske hindringer».

Ein konsekvens av manglande momskompensasjon er dermed at naudsynt arbeid blir «utsatt eller ikke gjennomført», skriv ImF i høyringsfråsegna.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.