TILSETT: Kjetil Fyllingen blir ny kretsleiar i Indremisjonssamskipnaden. FOTO: PRIVAT

Han skal leia IMS

Kjetil Fyllingen blir ny kretsleiar og dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden.

Publisert 23. april 2026 kl. 15.04. Oppdatert kl. 15.36.

Fyllingen (48), som også er styreleiar i ImF Stord, startar i stillinga i august.

– Tilsetjingsavtalen vart signert i går kveld, seier styreleiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS), Bernt Arild Gjøvåg, til sambåndet.no.

Søkte sjølv

Dermed er kretsen i mål med rekrutteringsprosessen to dager før årsmøtet, eller utsendingsmøtet, på laurdag.

– Han søkte på stillinga på eige initiativ, opplyser Gjøvåg.

Samrøystes

Det var eit samrøystes styre som sto bak tilsetjinga.

– Vi var særs glade for kandidaturet hans. Kjetil har eit sterkt personleg engasjement i indremisjonen, strekar Gjøvåg under.

Erfaring

Kjetil Fyllingen har lang fartstid i indremisjonen på Vestlandet. Av ei melding IMS har sendt ut, går det fram at 48-åringen er vaksen opp i Sagvåg. I barne- og ungdomsåra var han med på det meste av det som skjedde på bedehuset. Ofte var han på leir på Brandøy, og han har gode minne frå leiarar som kunne ta av i sketsjar og leikar, men som også peika på Jesus på ein trygg og god måte.

Etter kvart vart det Bildøy Bibelskole og eit år i indremisjonsteam.

Yrkesliv

Han har også jobba som barne- og ungdomsarbeidar i ImF Midthordland og vore ungdomssekretær i ImF Sunnmøre. Han har også vore tilsett i ImF sentralt på deltid.

Frå 2016 har han vore tilsett i Tro & Medier, der han mellom anna har arbeidd med nettevangelisering. Gjennom Tro & Medier arbeider han også for Damaris Norge.

Fyllingen produserer eigne podkastar. Sunnhordlandspodden og Ekteskapspodden er gjerne mest kjent. Av utdanning er han bachelor i kommunikasjon og livssyn frå NLA Høgskulen.

TAKKSEMD: Kjetil Fyllingen seier han kjenner på djup takksemd for alt han sjølv har fått gjennom indremisjonen. FOTO: IMS

Takksemd
På spørsmål om kva som motiverte til å søkja på stillinga, seier Fyllingen at han kjenner på djup takksemd for alt han sjølv har fått gjennom indremisjonen – menneske, fellesskap og tru som har forma livet.

Spesielt Brandøy, leirarbeidet og leiarane på bedehuset har betydd mykje.

– Det motiverer meg til å vera med på å leggja til rette for at nye generasjonar kan få oppleva det same, seier han.

Forventningar

Den nye kretsleiaren seier han ser fram til å få stå saman med medarbeidarar og frivillige rundt om i IMS – og vera med og styrkja arbeidet som peikar på Jesus, byggjer fellesskap og gjer ein forskjell i menneske sine liv.

IMS driv eit stort arbeid der behova og forventningane er mange. Fyllingen seier at å prioritera rett og finna gode vegval i ei tid med endring, kan vera krevande – men også meiningsfullt når ein får gjera det saman med andre.

Firebarnsfar

Kjetil Fyllingen bur i Sagvåg, er 48 år og gift med Silje. Dei har fire barn på veg inn i ungdoms- og vaksenlivet.

– Me gler oss til Kjetil skal tiltre stillinga, og me ønsker han varmt velkommen, avsluttar IMS pressemeldinga.

Les også: Ingen roser fra Statsforvalteren (21.04.26).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.