VOSS: Helgatunlia burettslag består av 72 leilegheiter fordelt på seks bygg. Bildet er frå april 2022. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV
– Ei enorm suksesshistorie
Helgatunlia-prosjektet til Indremisjonssamskipnaden er i mål med titals millionar i overskot og kontantar i banken til vidare utvikling av fjellpensjonatet i Myrkdalen.
FITJAR: – Eg synest dette har vore eit fantastisk eventyr, oppsummerte styreleiar Bernt Arild Gjøvåg i Indremisjonssamskipnaden (IMS) laurdag ettermiddag.
Og så tok han seg i det: – Det er jo ikke eit evenytyr, det er verkeleg!
Overskot
På utsendingsmøtet til IMS i Fitjar bedehus 25. april la styreleiaren for første gong fram det næraste IMS kjem til ein prosjektrekneskap for leilegheitsprosjektet Helgatunlia. 70 av 72 leilegheiter er selte for om lag 400 millionar kroner, og dei to siste husværa er overført til Helgatun.
Då sit kretsen igjen med eit overskot på nær 56 millionar kroner (55.770.668). Nesten 25 millionar kroner av desse står som frie kontantar i banken, klare til å bli investerte.
Ti år
Planane om å byggja leilegheiter i lia like ovanfor Helgatun vart kjent etter årsmøtet i IMS i 2016. Ti år seinare står altså prosjektet ferdig.
– Eg hugsar at eg var med på årsmøta i denne tida, og at eg syntes det var spennande idear. Det var litt skummelt – det var stort, det var dyrt, det var litt risikofylt. Men nå kan vi sjå det som heilt ferdig, og det har jo vore ei enorm suskesshistorie, konstaterte Gjøvåg.

LEIINGA: Avtroppande dagleg leiar Marit Hårklau Ådnanes og gjenvalt styreleiar Bernt Arild Gjøvåg før tala for Helgatunlia skal presenterast. FOTO: PETTER OLSEN
Reknestykke
Styreleiaren presenterte det økonomiske sluttresultatet så langt som ein no har kome. Kretsbladet Indremisjonsvenen (nr. 01/26) har operert med 70 millionar kroner i overskot. Då er ikkje kostnadane til vassverk og veg, som begge er eigd av Helgatun fjellpensjonat, tatt med.
– Det er ei gymnastikkøving å finna ut kva ein skal ta med og korleis ein skal presentera tala. Det eg no legg fram, er ein måte å presentera det på og den måten eg meinar er mest rett og som gir mest forståing og meining, sa Gjøvåg.
Etterslep
Oppsettet til styreleiaren viste kva overskotet er blitt brukt til så langt, og kor mykje som står igjen:
11,6 millionar i kontantar er overført til Helgatun i samband med oppgraderingar, mellom anna til oppvarming og isolasjon.
– Det er gjort eit fantastisk arbeid i tre store steg. Me har henta inn eit etterslep som har vore gjennom mange år der ein ikkje har hatt moglegheit til å oppgradera. No har bygningsmassen fått ein vesentleg betre standard, sa Gjøvåg.
To leilegheiter
Vidare er to av dei 72 leilegheitane overførte til Helgatun. Dei har ein verdivurdering på til saman 13,9 millionar kroner.
– Skulle vi ha selt dei, ville jo marknadsprisen ha avgjort verdien, sa Gjøvåg.
Momsrefusjon
Det tredje punktet er momsrefusjon frå bygging av vassverk og veg. Det utgjer nesten 2,9 millionar kroner i kontantar som er overført til Helgatun.
Siste punkt er at verdien av vassverk og veg som er overført til Helgatun, er sett til 30 prosent av byggekostnad. Det utgjer nesten 2,7 millionar kroner.
Summen av desse postane er på litt over 31 millionar kroner. Det er altså dette som er brukt av overskotet.
I banken
– Per i dag har vi nesten 24,7 millionar kroner på bok som er frie til vidare utvikling av Helgatun og eventuell utbygging av Helgatun. IMS-styret og Helgatun-styret jobbar med å utarbeida mandat og seinare meir konkrete planar. Det vil jo bli lagt fram for eit seinare årsmøte, sa Bernt Arild Gjøvåg.
Det var ingen spørsmål frå dei 59 utsendingane, og styreleiaren avslutta slik:
Takk
– Årsmøtet fortener ein takk for å ha vågt dykk på eit slikt prosjekt. Det var jo eldsjeler som foreslo det, men det er årsmøtet som har ansvaret. Dette kunna ha gått gale – midt i bygginga kom til dømes koronapandemien- med det har ikkje gått gale, sa han.
Nils Tveite, i styret for Helgatunlia, fekk ordet til slutt. Også han vende seg til årsmøtet.
– Frå oss som har jobba med Helgatunlia, har eg lyst til å takka dykk for tilliten. Det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå så bra, men forbøn frå dykk gjorde at me klarte det, understreka han – og fekk applaus på veg ned frå talarstolen.
















Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!