LEIRVIK: Sunnbok flyttar frå Torgbakken 10, det kvite bygget i høgre bildekant bak, til dagens apoteklokale i Torgbakken 2. FOTO: PETTER OLSEN

Sunnbok flyttar i bakken

Bokhandelen til Indremisjonssamskipnaden (IMS) har funne nytt lokale etter at IMS-huset blei selt.

STORD: Frå Torgbakken 10 til Torgbakken 2. Slik blir det når IMS-eigde Sunnbok flyttar i Leirvik sentrum.

«20 meter», sa dagleg leiar Silje Fyllingen på årsmøtet til IMS på Fitjar laurdag, og veldig mykje lengre frå dagens lokale er det då heller ikkje.

Var på jobb

Ho nølte litt då ho kom med nyheita under den forseinka framlegginga av årsrapporten for avdeling Sunnbok- den daglege leiaren måtte bli ferdig på jobb først! – for alle formalitetar var ikkje på plass. Men no er det altså klart.

SUNNBOK: Dagleg leiar Silje Fyllingen hadde nyheter med seg til årsmøtet på Fitjar. FOTO: PETTER OLSEN

Dyrare

Det nye lokalet ligg i det såkalla Trio-bygget, lengre nede – og brattare – i Torgbakken. Vitusapoteket har vore der til no, men når medisinlukta er ute i juni, flyttar bøker og gåveartiklar inn.

Sunnbok hadde driftsinntekter på 2,3 millionar kroner og eit årsresultat i pluss på 126.000 i 2025.

– Vi treng 25 prosent høgare omsetnad for å overleva der vi skal no, sa Fyllingen.

Sal

Rundt bordene på Fitjar bedehus blei det snakka om store og gode utstillingsvindauge i det nye lokalet.

Sunnbok må ut av dagens lokale etter at IMS selde huset sitt til lokale investorar for 6,1 millionar kroner i januar i år. Dei må flytta ut innan 1. juli.

På årsmøtet laurdag kom det fram at det ikkje er avgjort kvar sjølve IMS-kontoret blir. Det skal den nye kretsleiaren, bokhandlar-ektemann Kjetil Fyllingen, få vera med på å avgjera.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.