MUSIKK: Tidlegare kulturjournalist i Vårt Land, Olav Solvang (t.h.), snakka om kristentrua til kjende songarar. Her saman med arrangør John-Inge Rolfsnes i musikklubben Lyd. FOTO: FOTO: KJETIL FYLLINGEN
Løftar fram den gløymde historia om kristen populærmusikk
Elvis Presley, Johnny Cash, Bob Dylan og Cliff Richard. Dei er verdskjende artistar, men ifølgje forfattar og tidlegare kulturjournalist Olav Solvang er ein viktig del av historia deira blitt altfor lite fortald: den kristne trua.
Tekst og foto: Kjetil Fyllingen
STORD: Onsdag kveld 15. april gjesta Solvang Leirvik bedehus på Stord, der han heldt kåseri om dei to bøkene sine «Rytmer rett i hjertet – en beretning om den kristne populærmusikkens historie i Norge» og «Over stjernene – 208 artister om den kristne troen». Arrangementet var i regi av musikklubben Lyd (sjå eiga sak).
– For meg har dette vore ei veldig viktig historie. Eg er veldig interessert i musikk, i alle moglege former. Då eg vaks opp, var det ikkje så mykje kristen populærmusikk, men så byrja det sakte, men sikkert å koma meir, sa Solvang til dei frammøtte.
Frå kjellar til bok
Solvang fortalde at bokprosjektet heilt konkret starta heime i kjellaren, mellom plater og CD-ar samla gjennom fleire tiår.
– Kona mi Astrid kom ned og sa: «Kva skal de gjera med alt dette når denne historia går tapt?» Då sa ho at eg måtte skriva bok om det. For den kristne populærmusikken var jo ikkje dokumentert i bokform, fortalde han.
Det som først var tenkt å bli ei bok på 200 sider, vaks til eit langt større prosjekt.
– Historia var så stor og så spennande at eg måtte kutta 200 sider og likevel enda på 650, sa han om den første boka.
Kristen påverknad
Gjennom kåseriet la Solvang vekt på kor stor påverknad kristen tru og gospelmusikk har hatt på populærmusikken, både internasjonalt og i Norge.
Han drog linjene tilbake til 1950-talet og peika mellom anna på korleis Elvis Presley, Johnny Cash, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins alle hadde røter i kristne miljø.
– Dei som påstår at rock’n’roll var djevelens musikk, tek feil. Det var pinsevenene sin musikk, sa Solvang til latter frå salen.
– Underkommunisert historie
Han viste også korleis artistar som Johnny Cash, Cliff Richard, Bob Dylan og fleire andre har vore opne om tru, omvending og korleis kristendommen har forma både livet og musikken deira.
– Dette er historier som har hatt stor betydning for mange menneske og for norsk populærmusikk, men som dessverre er blitt underkommuniserte, sa Solvang.

RYTMISK: Ifølgje Olav Solvang var Aage Samuelsen (1915-1987) ein av dei aller første i Norge som tok i bruk rytmisk musikk i kristen samanheng. FOTO: KJETIL FYLLINGEN
Tidleg ute
Ein stor del av kvelden handla om den norske historia. Solvang løfta fram pionerar som Aage Samuelsen og Arvid Vangberg, og vidare utvikling gjennom ungdomskor, Tensing-rørsla og kristne artistar og band på 1970- og 80-talet.
Aage Samuelsen grunnla pinseretninga Maran Ata (betyr «Vår Herre kommer»). Olav Solvang skildra Samuelsen som ein av dei aller første i Norge som tok i bruk rytmisk musikk i kristen samanheng.
– Han var tidleg ute og skreiv den eine kristne, rytmiske songen etter den andre, sa Solvang.
Han peika også på korleis mykje av denne musikken lenge møtte motstand i kristne miljø, sjølv om fleire av songane sidan har fått ein sjølvsagd plass i norsk kristen songtradisjon.

KJENTE: Flekkerøyguttene og Egil & Arne var andre songarar Olav Solvang var inne på. FOTO: KJETIL FYLLINGEN. Montasje: Sambåndet
Ville dokumentera
For Solvang har arbeidet med bøkene handla om meir enn musikkinteresse. Det har også handla om å ta vare på ei viktig kulturhistorie.
– For meg har det vore sentralt både å få dokumentert ein viktig del av musikkhistoria, men også den kristne musikkhistoria, sa han.
Kvelden på Leirvik bedehus baud både på forteljingar, musikkeksempel og personlege refleksjonar frå ein mann som gjennom fleire tiår har følgt feltet tett – både som journalist, samlar og forfattar.
Og bodskapen hans var klar: Historia om kristen populærmusikk er langt større, rikare og viktigare enn mange er klar over.









Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!