HISTORIE-KVELD: John-Inge Rolfsnes bidrog med eigne songar. FOTO: KJETIL FYLLINGEN

Vil gi nye artistar ein scene

Elvis, Cash og Dylan – alle bar på ei tru som sjeldan blir snakka om. No vil både forfattar Olav Solvang og arrangørane i Lyd løfta fram historia – og gi plass til nye stemmer.

Tekst og foto: Kjetil Fyllingen

STORD: Onsdag kveld 15. april var det fullt av engasjement på Leirvik bedehus då Olav Solvang heldt kåseri om den kristne populærmusikken si historie (sjå saka over). Bak arrangementet stod musikklubben Lyd – ein gjeng som ikkje berre vil sjå bakover, men også framover.

– Lyd er ein musikklubb og konsertarrangør som ønskjer å løfta fram artistar som kanskje ikkje har så lett for å finna ei scene, seier John-Inge Rolfsnes.

Gir plass

Rolfsnes fortel at dei ser eit tydeleg behov:

– Det er mange som driv med musikk og drøymer om å koma seg opp og fram, men som ikkje slepp til på ordinære konsertscener, fordi dei ikkje er kjende nok eller manglar referansar.

Han meiner kvaliteten ofte er der – men at scenen manglar.

– Me opplever at det er mange artistar som leverer høg kvalitet, men som likevel strevar med å koma seg rundt. Som klubb ønskjer Lyd å vere eit bidrag inn i dette biletet.

Nesten gløymd

Den same tanken ligg bak valet om å invitera Olav Solvang til Stord. Solvang har skrive to bøker om kristen populærmusikk – eit felt Rolfsnes meiner er altfor lite synleg.

– Den kristne populærmusikken si historie er svært underkommunisert. Ein finn lite om dette i vanleg musikkhistorie, seier han.

Sterk respons

Responsen på bøkene til Solvang har ikkje berre kome frå kristne lesarar.

– Eg spurde Olav om han har fått merksemd utanfor kristne krinsar. Svaret var eit tydeleg «ja», seier Rolfsnes.

Han peikar mellom anna på omtale i Dagens Næringsliv og gode meldingar i fleire aviser.

– Han opplevde faktisk å få betre omtale der enn i kristne miljø, fortel Rolfsnes.

Ein kveld som trefte

For arrangørane i Lyd vart kvelden akkurat det dei håpa på.

– Eg opplevde dette som ein veldig fin kveld med eit engasjert publikum. Olav selde mange bøker og sa etterpå at han opplevde publikum som svært interesserte i temaet, seier John-Inge Rolfsnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.