MOSTER: Møte med menneske i ulike forsamlingar er til oppmuntring for fritidsforkynnar Tor Espen Kristensen. FOTO: KJETIL FYLLINGEN

– Eit privilegium å få peika på Kristus

Tor Espen Kristensen brukar noko av fritida si som frivillig forkynnar i IMS. For han handlar det ikkje berre om gleda ved å formidla, men om eit kall til å løfta fram evangeliet og peika på Kristus. No håpar han fleire vil våga å prøva seg i forkynnartenesta.

Tekst og foto: Kjetil Fyllingen

BØMLO: – Eg er med fordi eg har glede av å forkynna, men også fordi eg kjenner på ei dragning mot denne tenesta, seier Tor Espen Kristensen.

Han er ein av dei frivillige forkynnarane i Indremisjonssamskipnaden (IMS). Ved sida av kvardagsliv, arbeid og andre oppgåver set han av tid til å førebu og halda talar i ulike forsamlingar. 3. mai var han på Moster.

Peika på Kristus

– Det handlar ikkje berre om at eg likar å formidla. Det handlar om eit ønske om å få vera med og peika på Kristus og det vi har fått i evangeliet.

Tor Espen er glad i Bibelen, glad i å arbeida med tekstar og glad i å formidla det han sjølv får oppdaga.

– Då opplever eg det meiningsfullt å kunne bidra på denne måten i IMS.

Forkynner jamleg

Kor ofte han er ute og talar, varierer litt frå halvår til halvår. Men vanlegvis blir det åtte til ti møte per semester.

– Ein del av desse er på Horneland og Leirvik, som er to forsamlingar vi sjølve høyrer til i. I tillegg blir det nokre besøk i andre forsamlingar.

For Tor Espen er det noko fint med å få reisa litt rundt og møta ulike fellesskap.

– Det kjekkaste er å møta folk og få sjå breidda i fellesskapet, seier han.

Rikdom

Når Tor Espen skal setja ord på kva som er viktig i forkynninga, kjem han raskt tilbake til Bibelen og evangeliet.

– For meg er det viktig at forkynninga gir Gud ære, og at menneske får sjå meir av det vi har i Kristus. Det er ein enorm rikdom i evangeliet, og god forkynning skal opna Bibelen slik at vi får sjå meir av den rikdomen.

Nær livet

Han understrekar at forkynninga må vera tru mot bibelteksten.

– Ein skal ikkje berre bruka teksten som eit utgangspunkt for eigne tankar, men verkeleg lytta til kva teksten seier.

Samtidig meiner han at god forkynning ikkje kan bli fjern frå livet folk lever.

– Forkynninga må vera nær livet. Ho må tale sant om menneskelivet, om trua, om kampen, om gleda, om synda, om nåden og om håpet.

For Tor Espen er målet klart: – God forkynning skal hjelpa menneske til å sjå Gud klarare, stola meir på Kristus og leva i trua der dei er.

SJÅ KRISTUS: – For meg er det viktig at forkynninga gir Gud ære, og at menneske får sjå meir av det vi har i Kristus, seier Tor Espen Kristensen. FOTO: KJETIL FYLLINGEN

Får mykje tilbake

Sjølv om forkynnartenesta krev tid, førebuing og arbeid, opplever ikkje Tor Espen at dette berre er noko han gir til andre. Han får også mykje igjen.

– Først og fremst skjer det gjennom arbeidet med tekstane. Når eg skal forkynna, må eg sjølv bruka tid med Bibelen, be over teksten og prøva å forstå kva Gud vil seia gjennom den. Det gjer noko med meg.

Han fortel også at møte med menneske i ulike forsamlingar er til stor oppmuntring.

– Sjølv om det krev tid og førebuing, opplever eg det ikkje berre som noko eg gir. Eg får også mykje tilbake.

Veksa inn i tenesta

Tor Espen håpar fleire vil vurdera om forkynnartenesta kan vera noko for dei.

– Ja, eg vil absolutt anbefala fleire å bli med. Dersom nokon kjenner på ei glede over Guds ord og eit ønske om å formidla det, trur eg det er verdt å prøva seg.

Han meiner det er viktig at ein ikkje ventar til ein kjenner seg «utlært».

– Ein treng ikkje tenkja at ein må ha alt på plass før ein begynner. Forkynnartenesta er også noko ein veks inn i.

Alvor

Samtidig ønskjer han å halda fram alvoret i oppgåva.

– Det er viktig å gå inn i det med audmjukskap. Forkynning er ei stor og alvorleg teneste, men også ei veldig meiningsfull teneste.

For Tor Espen Kristensen er det først og fremst dette som står igjen: – Det er eit privilegium å få vera med og peika på Kristus og oppmuntra Guds folk.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.