SUNNMØRE: Orreneset misjonssenter får ny dagleg leiar. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Kjem tilbake til Orreneset

Sondre Bårnes gjer comeback som dagleg leiar på Orreneset misjonssenter.

Det opplyser kretsleiar Lars Petter Ødegård i ImF Sunnmøre til sambåndet.no.

Orreneset misjonssenter ligg på Fjellsetra mellom Sykkylven og Stranda og runda 40 år i 2023. Leirstaden er eigd av ImF Sunnmøre.

Familie

Bårnes var styrar nokre år frå 2018 og inn i koronatida. I mange år før var det mor til Sondre Bårnes, Anbjørg Bårnes, som var styrar. Ho har vore på Orrenestet i over 20 år.

Ei tid var det tilsett samtidig, og Anbjørg Bårnes kom også tilbake som styrar etter at sonen slutta.

– I blodet

Det var sommaren 2018 at Sondre Bårnes sist begynte å arbeida på Orreneset. Han fortalte då at han er oppvaksen på Alværa Misjonssenter i Lavik, som foreldra hans dreiv saman fram til år 2000.

Deretter flytta familien til Sykkylven, og etter kort tid vart mor hans dagleg leiar på Orreneset.

– Så slik sett har eg leirstad i blodet, og eg elskar det, fortalte han i intervju med ImF Sunnmøre.

Rogaland

Han er gift med Hege, som er frå Egersund, og i denne byen budde dei også ein periode.

Sondre Bårnes er utdanna bakar og har mellom anna jobba som kokk i barnehage og i vaktselskapet Nokas i Stavanger.

Sal

Som kjent var det tidlegare i år på tale å selja Orreneset til eit ektepar som skulle driva det vidare i tett kontakt med kretsen. Bakgrunnen var mellom anna at dagleg leiar skulle gå av med pensjon.

Men planane om sal vart lagt bort. I staden vart det altså rekruttering av «ny-gammal» dagleg leiar.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.