TRUSFORSKING: – No har vi fått eit meir solid innblikk i kva slag tilhøve danskane har til trua og til Bibelen, seier generalsekretær Johannes Baun i Det Danske Bibelselskab. Foto: Carsten Lundager.
Danske tal underbygger trua på stille vekking
Står vi overfor ei stille kristen vekking mellom unge vaksne i Vesten? Det er sådd tvil om dette, men nylege tal frå Danmark stadfestar ein slik trend.
Diskusjonen har gått ei stund om aukande kyrkjesøking og meir bibellesing mellom unge i fleire vestlege land – og i kva grad aktuelt forskingsmateriale kan sjåast som påliteleg.
Trekte rapport
I mars kom det fram at data som rapporten The Quiet Revival – Den stille vekkinga – bygde på, var svak reint metodisk.
Det britiske bibelselskapet, The Bible Society, valde derfor å trekkja heile rapporten som var utarbeidd av forskings- og meiningsmålingsinstituttet Yougov og som tydeleg synte at mange fleire unge gjekk i kyrkja eller var på leit etter ei gudstru.
Ikkje alle funn var feil
Samtidig understrekte toppleiaren Paul Williams at feila som var gjort, ikkje innebar at alle funna var feilaktige.
– Det tyder berre at vi ikkje kan underbygge deira data på ein måte vi kan lita på ut frå undersøkinga, skreiv Williams.
Han insisterte på at ein ser ei positiv utvikling mellom unge britar i trusfeltet, sett frå ein kristen ståstad.
Bibelselskapet i London heldt fast på at stadig fleire i Generasjon Z har søkt Gud i tida etter koronapandemien. Her lener dei seg ikkje berre på Yougov si undersøking, men òg på bibelsalstala i Storbritannia og statistikk som syner ein klar auke i kyrkjebesøket.
Finland og Danmark
I april omtalte Kristelig Pressekontor ei finsk undersøking som tyder på at unge finske menn i Generasjon Z ser ut til å søkja seg til kyrkja i større grad enn før, og også i større grad enn kvinner i same aldersgruppa.
Hovudmønsteret har lenge vore stikk motsett, men no vert biletet ein ser i ei rekkje andre land, stadfesta. Der orienterer mange unge menn seg i såkalla konservativ retning, i motsetnad til kvinnene.

OVERRASKANDE: – Funna om unge menn er mellom dei mest oppsiktsvekkande i undersøkinga, meiner Jacob Holst Mouritzen som leier firmaet som har spurt unge danskar om trua deira. Illustrasjonsfoto: Elin Tabitha / Unsplash.
I vår vart det gjort ei undersøking i Danmark i regi av Det Danske Bibelselskab. Tala frå Danmark bygger opp under påstanden om ei stille vekking, og også her er endringa mest markant mellom mennene.
Halvparten av dei 3000 unge vaksne respondentane som har teke del i undersøkinga, seier at dei absolutt trur at Gud finst eller at det finst ei høgare makt.
Auka bibelinteresse
Trenden er tydeligast mellom unge menn. Til det danske bibelselskapet si overrasking melder så mange som ein tredjedel av menn i denne aldersgruppa at dei har vore på gudsteneste den siste månaden.
Dette er data frå undersøkinga Gud og danskerne: Trosanalysen 2026. Den ferske rapporten syner òg at 41 prosent av unge under 30 år gjerne vil vite meir om Bibelen.
Nesten to av tre unge mellom 16 og 30 seier at dei leitar etter meininga med livet.
– Noko er i endring, konkluderer Det Danske Bibelselskab.
Unge mest interesserte
Undersøkinga syner òg at unge i den aktuelle aldersgruppa er dobbelt så interesserte i tru som menneske over 30.
25 prosent av dei spurde mellom 16 og 30 år seier at religion er viktig i deira daglegliv, medan prosentandelen er på berre 13 for dei som har passert 60.
I aldersgruppa 45 til 60 år er det kun 11 prosent som seier det same som sine unge vaksne landsmenn.
Opne for tru
Unge vaksne er generelt langt meir opne for gudstru enn folkesetnaden totalt sett. Nesten 49 prosent av dei som er mellom 16 og 30, trur på ei høgare makt. Her er talet for heile den danske folkesetnaden 39 prosent.
Unge vaksne seier ikkje berre at dei trur eller jaktar gode forklaringar rundt livets store spørsmål, men dei er òg langt meir aktive når dei leitar enn dei som har levd lenger.
26 prosent av dei har gått i kyrkja den seinare tida. For alle danskar er talet kun 10 prosent.
Når det gjeld bibelinteressa, er det svært markante ulikskapar mellom aldersgruppene. Medan 41 prosent av unge vaksne danskar under 30 gjerne vil vite meir om kva Bibelen seier, er talet for heile folkesetnaden berre 22 prosent.
Unge menn meir religiøse
Igjen – som i andre tilsvarande undersøkingar – syner tala at unge menn ser ut til å vera meir religiøst søkande enn unge kvinner.
34 prosent av unge menn går til gudsteneste. Desse tala inkluderer ikkje kyrkjebesøk i samband med vigslar, dåp eller gravferder.
Mellom dei unge mennene melder 21 prosent at dei les Bibelen kvar veke, og dei melder oftare enn jamnaldrande kvinner at dei har hatt ei åndeleg oppleving som har påvirka trua deira og forståinga dei har av livet.
– Oppsiktsvekkande
– Funna om unge menn er mellom dei mest oppsiktsvekkande i undersøkinga. Ikkje berre svarar mennene meir ope på spørsmål om tru, men dei tek også i større grad del i aktiv religionsutøving, peikar Jacob Holst Mouritzen på.
Han er leiar for firmaet som har gjennomført undersøkinga.
– Når ein av tre unge menn har vore på ei gudsteneste den siste månaden, og ein av fem les kvar veke i Bibelen, kan ein ikkje avfeie det med at det berre dreier seg om å vere nyfiken. Dette syner at mange unge menn er reelt interesserte i kristen tru, seier han.
Opne om trua
– Kristendom, tru og det andelege er blitt eit framtredande tema i den offentlege samtalen. Politikarar, kulturpersonlegdomar, idrettsfolk og vanlege danskar snakkar no ope om trua, og dei gjer det med større overtyding.
Dette står i kontrast til det sekulære narrativet som freistar å fortrengje religionen til ei eksklusiv privatsfære, står det i den danske rapporten.
– Vi har gjennomført studien fordi det lenge har versert mange historier om unge menneske og tru og om kor nyfikne folk er på kristendomen. No har vi fått eit meir solid innblikk i kva slag tilhøve danskane har til trua og til Bibelen, seier generalsekretær Johannes Baun i Det Danske Bibelselskab. KPK
















Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!