NORHEIMSUND: Organisasjonsendringa til delvis ImF-eigde Framnes kristne vidaregåande skule har skapt uventa problem. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Staten held tilbake tilskot til Framnes

Utdanningsdirektoratet held fast på at ein formell feil ved overgangen frå foreining til AS, skal kosta Framnes kristne vidaregåande skule ein monaleg sum.

Med verknad frå 4. mai og etter to årsmøte i foreininga Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS), vart skuledrifta overført frå foreininga Framnes KVGS til nyoppretta Framnes KVGS AS.

Feil organisasjonsform

Bakgrunnen var at Brønnøysundregistra meinte at skulen ikkje kunne vera ei foreining sidan den hadde eigarar – Indremisjonssamskipnaden (IMS) og ImF – og ikkje medlemmer.

6. mai søkte skulen Utdanningsdirektoratet (Udir) om å få føra over alle eigedelar og pengar frå foreininga til AS-et.

Feil rekkefølgje

11. juni kom det eit alvorleg svarbrev frå Udir: «Dersom ein ønskjer å endre rettssubjektet som skal inneha godkjenninga etter privatskolelova, må ein først få eit vedtak om godkjenning frå Utdanningsdirektoratet», innleia avdelingsdirektør Einar Simonsen Plahter.

For Udir var det no slik at skulen formelt ikkje eksisterte som ei eining som kan ha rettar og plikter, altså eit «rettssubjekt».

Halde tilbake

«Vi ser svært alvorlig på at skulen dykkar no ikkje driv i eit godkjend rettssubjekt (…) Tilskotet for juni er halde tilbake, og vi vil ikkje kunne utbetala tilskot til skulen før godkjenning av organisasjonsendringa er på plass», heldt avdelingsdirektøren fram.

Same verksemd

15. juni beklaga styreleiar Svein Ludvigsen i Framnes KVGS AS «på det sterkaste» og gjorde det klart at skuleselskapet «tek fullt ansvar for denne feilen».

Til sambåndet.no seier Svein Ludvigsen dette: – Etter vårt syn er realiteten i saka at skuledrifta vert vidareført med full rettsleg, rekneskapsmessig og skattemessig kontinuitet, med identiske eigartilhøve, leiing, tilsette og elevgrunnlag, men under nytt organisasjonsnummer.

I brevet til Udir strekar styreleiaren også under at det ikkje har skjedd uttak eller bruk av verdiar til andre føremål enn den vidare drifta av skulen.

Godkjenning

16. juni sende Sands advokatfirma, på vegner av skulen, ny og utdjupa søknad om overføring av godkjenninga frå og med 1. juli. Advokat Olav Egil Midtgaard bad også om at Udir måtta akseptera «overgangsperioden» fra 4. mai til 1. juli, slik at tilskotet for juni vart utbetalt.

24. juni godkjende Udir organisasjonsendringa frå foreining til AS «, og at tilskot frå og med juli månad 2026 kan utbetalast» til Framnes KVGS AS.

Tilskotet for juni

Men tilskotet for juni måtte Udir koma attende til i eit eige vedtak.

Dette kom i brev av 2. juli og var negativt for Framnes: «Det er ikke adgang til å gi tilskudd med tilbakevirkende kraft til et rettssubjekt som ikke hadde nødvendig godkjenning på utbetalingstidspunktet», konkluderte fungerande avdelingsdirektør Elisabeth Folke-Olsen.

Klage

20 dagar etterpå sende Framnes sin advokat inn klage. Olav E. Midtgaard meinte Udir ikkje hadde heimel til å nekta utbetaling av tilskotet for juni.

Han viste mellom anna til at det var tale om overføring av ei eksisterande godkjenning og ikkje ei ny godkjenning. Udir hadde sjølv uttrykt, i brevet av 24. juni, at Framnes KVGS AS «overtek skulens godkjenning».

Avslaget frå Udir «rammer direkte skolens økonomi og dermed elevene», peika advokaten på i brevet av 22. juli. Avisa Vårt Land skreiv om saka 7. august.

40 millionar frå staten

Spørsmålet er kor stort tilskotet for juni er.

Styreleiar Svein Ludvigsen sa til Vårt Land, og seier også til Sambåndet, at styret ikkje ønskjer å oppgi denne summen så lenge saka er under handsaming.

I rekneskapen til Framnes for 2025, som Sambåndet har fått frå Svein Ludvigsen, kjem det fram at offentleg tilskot var på 43,5 millionar kroner. 40,6 av desse var frå staten (resten frå fleire fylkeskommunar).

Monaleg

Etter det Sambåndet forstår, kan ein ikkje dela talet 40,6 millionar på tolv månader og dermed slå fast kor mykje det er snakk om. Dette fordi ulike delar av tilskotet blir betalt ut til ulik tid. Men storleiken på samla statstilskot antydar likevel at det er eit monaleg beløp som Framnes KVGS AS kan gå glipp av for juni månad.

20. august sendte Udir saka til Kunnskapsdepertementet for klagehandsaming.

– Vi har trua på at dette løyser seg til det beste for skulen, seier styreleiar Svein Ludvigsen i Framnes kristne vidaregåande skule AS.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.