NY LEIARGRUPPE består av, frå venstre, økonomikonsulent Lena M. Rong, administrasjonskonsulent Marita Halvorsen Sævig, marknads- og arrangementsansvarleg Kenneth Foss, misjonsleiar Nils Fredrik Rifsgård og generalsekretær Jarle Haugland. FOTO: BRIT RØNNINGEN
Desse skal leia ImF-administrasjonen
ANALYSE Den nye leiargruppa til ImF er klar. Kva tankar ligg til grunn for samansetjinga?
«Leiargruppe i støypeskeia», skreiv Sambåndet i ein bakgrunnsartikkel i nr. 7 (15. oktober) i fjor.
Strategi
Modellen som leiarduoen i ImF frå mars 2023 til oktober 2025, Runar Landro og Anja Ulveseth Heggen, hadde valt, gjekk ut på ei lita leiargruppe beståande av to personar i tillegg til generalsekretæren.
Leiargruppa skulle først og fremst stella med strategi, og strategisk ansvar skulle samlast på færre tilsette, nærare bestemt dei nyoppretta stillingane som administrasjonsleiar og misjonsleiar.
Sa opp
Kamilla Furnes Hauge gjekk inn som administrasjonsleiar fra januar i fjor, og då Nils Fredrik Rifsgård starta som misjonsleiar i midten av august 2025, begge i 50 prosent, var det i utgangspunktet berre generalsekretæren som ikkje var på plass.
Men i august sa Furnes Hauge opp stillinga si, og dermed var ein tilbake på teiknebrettet.
Dobling
No er det klart at generalsekretær Jarle Haugland tar med seg fire tilsette inn i leiargruppa. Det er dobbelt så mange som det Landro/Heggen la opp til.
Konkret er det økonomikonsulent Lena M. Rong, administrasjonskonsulent Marita Halvorsen Sævig, marknads- og arrangementsansvarleg Kenneth Foss og misjonsleiar Nils Fredrik Rifsgård. Dei hadde sitt første møte tysdag 20. januar.
Evaluering
Av desse fire er det berre misjonsleiaren som har formelt personalansvar. Marita Halvorsen Sævig har funksjonen plassansvarleg for kontoravdelinga, men personalansvaret for dei tilsette på avdelinga, ligg hos generalsekretæren.
– Vi må gå oss litt til. Både samansetjing og arbeidsmåte for leiargruppa skal evaluerast etter eit halvt år, seier Jarle Haugland til sambåndet.no.
Etter behov
Sambåndet, ImF Ung og Awana vil bli invitert inn i leiarmøtet når aktuelle saker tilseier det.
– Vi må også leita oss fram til kven som bør møta høvesvis fast og sporadisk i leiargruppa. Vi lever i balansen mellom å ha ei gruppe som ikkje er for stor, men som samtidig involverer viktge deler av arbeidet, peikar Haugland på.
Struktur
Organisasjonsstrukten i ImF sentralt er no slik at generalsekretær og redaktør for Sambåndet rapporterer direkte til ImF-styret. Administrasjonen elles er delt inn i misjonsavdeling, kontoravdeling og Awana.
ImF Ung er ein eigen organisasjon med eige styre, men jobbar tett saman med ImF relasjonelt og strategisk.
Avdelingar
Misjonsavdelinga består av misjonsleiar, marknads- og arrangementsansvarleg og forkynnarane, inkludert områdeleiar for Sogn og Fjordane.
Kontoravdelinga består av fire konsulentstillingar for høvesvis økonomi, personal, kontor og administrasjon.
Ulike modellar
Før 2025 var det slik – for å bruka tidlegare ImF-leiar Runar Landro sitt uttrykk – at folk hadde «stillingar som har ført leiarskap med seg». Alle som sat i leiargruppa, leia ei avdeling eller var ansvarleg for eit fagområde.
I motsetnad til dette la Landro opp til det han omtala som «ein meir spissa, visjonær og framtidsretta struktur med færre innan strategisk leiing».
Likskap
Samansetjinga av den nye leiargruppa liknar meir på tida før 2025 enn på tankane til Runar Landro. Men no treng ein altså ikke ha leiaransvar i det heile for å vera medlem av leiargruppa.
Det fagområdet i administrasjonen som ikkje er direkte representert i leiargruppa, er personalarbeidet. Til gjengjeld har gruppa formell fagkompetanse innan økonomi, noko som ikkje har vore tilfelle på mange år.
– Det er vanskeleg å vurdera alle aspekt i det som er tenkt før. Eg legg mest vekt på dei behova eg ser no for min del. Vi må skapa strukturen saman, seier Jarle Haugland.
Inga kritikk
Generalsekretæren skundar seg å leggja til at dette ikkje inneber nokon kritikk av tidlgare beslutningar:
– Det handlar om å finna ein modell for leiing som fungerer no. Det strategiske vil vera ein viktig del også av denne leiargruppa sitt ansvar.
Endring
– Dersom administrasjonsleiaren ikkje hadde sagt opp, ville du då ha halde fast på ei leiargruppe slik det var tenkt frå førre leiing?
– Det har eg ikkje brukt tid til å reflektera over. Då administrasjonsleiaren sa opp, var det ikkje økonomisk rom for å tilsetja ein ny. Eg har tillit til at tidlegare vurderingar var gode, men situasjonen endra seg.
Stabsmøte
Kvar arbeidsdag i ImF sentralt byrjar med eit kort morgonmøte med eit bibelord og bøn. Her er det også høve til å dela informasjon. Annankvar tysdag blir dette utvida til eit stabsmøte der det blir delt informasjon og tankar frå kvart arbeidsområde.
– Korleis skil du mellom stabsmøtet og møta i leiargruppa?
– Skiljet mellom desse er også noko vi må arbeida med. Leiarmøtet er eit mindre felleskap og meir strategisk orientert enn stabsmøtet, som i større grad handlar om informasjon. Men det er ikkje vanntette skott. Involvering er viktig med stabsmøtet. Det handlar om å skapa eit lag som byggjer noko saman, understrekar generalsektær Jarle Haugland.





