Tag Archive for: Leikanger

SOGN: Sundag 22. mars blir det møte på ungdomshuset Leikvang. FOTO: PRIVAT

Startar nytt prosjekt i Leikanger

ImF, NLM, Sogndal Indremisjonsforsamling og Bedehuset Betel i Balestrand inviterer til møte for å bygge fellesskap mellom kristne og for å løfte blikket.

Områdeleiar Sogn og Fjordane i ImF, Sondre Orrestad, og Kurt Ohma frå NLM har tatt initiativ til eit nytt prosjekt.

– Vi inviterer til eitt møte i første omgang, på Leikanger – midt mellom Balestrand og Sogndal, seier Orrestad til sambåndet.no.

– På Leikanger har ikkje me som organisasjonar hatt møte på lang tid, legg han til.

Samarbeid
Det er eit samarbeid mellom organisasjonane ImF og NLM, men også forsamlinga SIM (Sogndal Indremisjonsforsamling) og Bedehuset Betel i Balestrand, som arrangerer.

Møtet er sundag 22. mars i ungdomshuset Leikvang.

– Vi har leigd ungdomshuset, for det er ikkje noko bedehus der lenger. Der er ikkje nokon andre moglegheiter, elles måtte vi leigd kyrkja.

Orrestad reknar med at de kjem ein del folk, sidan dei to medarrangørane SIM og Bedehuset Betel til saman samlar 300 stykk på eit sundagsmøte.

– Viss det kjem 50 stykk frå kvar, så blir det 100 stykk.

Byggje fellesskap
– Kva vil de med dette initiativet?

– Vi håpar at det kan bli noko meir. Hensikten er å byggje fellesskap mellom oss som kristne, at vi skal løfte blikket og sjå områda og folka rundt oss.

På plakaten til møtet står det at det blir andakt med song, ei lita utlodding, kaffi, kaker og god drøs.

Låge skuldre
– Vi legg opp til låge skuldre og god drøs der me håpar å komme i kontakt med folk som bur på Leikanger. Så får vi sjå kva Gud vil med dette framover. Vi legg det i Hans hender, men sjølvsagt håpar vi at folk får naud for å nå ut, og vi skal be for Leikanger, alle som jobbar og bur der, seier Sondre Orrestad.