Kongens gull til Kjell Furnes
Kjell Furnes frå Giske har fått Kongens Fortenestmedalje i gull. Fylkesmannen i Møre og Romsdal delte ut medaljen under ei tilstelling på Sunnmøre Indremisjon sin leirstad Brusdalsheimen, torsdag 9. desember. Kjell Furnes har utført ei stor teneste for misjon, kyrkje og samfunn. Han har lagt ned eit stort politisk arbeid både lokalt, regionalt og […]
Kjell Furnes frå Giske har fått Kongens Fortenestmedalje i gull. Fylkesmannen i Møre og Romsdal delte ut medaljen under ei tilstelling på Sunnmøre Indremisjon sin leirstad Brusdalsheimen, torsdag 9. desember.
Kjell Furnes har utført ei stor teneste for misjon, kyrkje og samfunn. Han har lagt ned eit stort politisk arbeid både lokalt, regionalt og nasjonalt. Han har vore ordførar i Giske kommune og fylkesordførar i Møre og Romsdal. Som stortings- representant var han og utsending til FN og deltok i internasjonalt.
Furnes sitt misjonsengasjement er knytt Indremisjonsforbundet, Santalmisjonen og Ordet og Israel.
I Indremisjonsforbundet har han hatt mange verv lokalt, i krins og på landsplan. Han var mellom anna medlem av Forbundsstyret 1986-94, og formann 1990-94. Frå 1996 har han vore formann i styret for Bibelskolen Bildøy. I Sunnmøre Indremisjon har lagt ned mykje arbeid i ymse styreverv, byggenemnder og som krinssekretær.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!