Ein hyllest til livets enkle gleder

 SAMARBEID: – Kvar onsdag klokka 9 i 18 år har vi snakka saman, seier Per Arne Dahl om teiknaren Ulf Aas (t.v.). Aas har gjennom desse 18 åra illustrert Dahls søndagsbetraktingar i AftenpostenFOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK Av Ole Andreas Husøy/KPK Det er ei bok som handlar om at det er nødvendig med forenkling, og som […]

  
SAMARBEID: – Kvar onsdag klokka 9 i 18 år har vi snakka saman, seier Per Arne Dahl om teiknaren Ulf Aas (t.v.). Aas har gjennom desse 18 åra illustrert Dahls søndagsbetraktingar i Aftenposten
FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK

Av Ole Andreas Husøy/KPK

Det er ei bok som handlar om at det er nødvendig med forenkling, og som han har tileigna to personar. Den eine er teiknaren Ulf Aas som gjennom 18 år har illustrert Dahls søndagsbetraktingar i Aftenposten. Den andre er Erik Dammann – ”mannen med det enkle og avgjørende budskap om forenklingens nødvendighet”.
– Mange opplever at livet rotar seg til og blir overbooka. Vi blir forførte av det eksentriske og kostbare. Vi føler at lykka er alle andre stader enn der vi er, sa Dahl då boka vart presentert torsdag.
Ein av Dahls barnelærdomar er at lykka er bunden til kvardagslege ting.
– Far lærte oss respekt for måltida. Vørdnaden for måltidsfellesskapen er blitt mykje endra dei seinare år. Og gleda over det enkle måltid er erstatta av gastronomisk forfengelegheit, seier han.
Dahl meiner at alt for mange har kompasset innstilt på kva ein sjølv har lyst til. – Eg skulle ønskje at vi kunne orientere oss meir ut frå kva som er til andres beste, seier han. – At vi blir rykte ut av individualismens lyst og tenkjer meir på fellesskapen.
Med seg på bokpresentasjonen hadde han Venstre-nestleiar Olaf Thommesen og musikar Sigmund Groven. Thommesen var sjukemeld i eit år etter å ha blitt ramma av hjernebløding. Det har gitt høve til å reflektere over livet. – Eg vil bruke kreftene framover på å vere meir til stades der eg er, framfor å vere til stades dit eg er på veg, seier han.
Sigmund Groven reflekterte mellom anna over dei utallige valmoglegheiter vi blir bombarderte med kvar dag.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.