– Rammar livsgrunnlaget for fleire friskolar

 TIL DET VERRE: Ragnar Johansen, leiar i Norske Fag- og Friskolers Landsforbund, meiner regjeringas forslag til privatskolelov gir for dårleg livsgrunnlag for skolane.KPK-FOTO: OLE ANDREAS HUSØY Av Ole Andreas Husøy, KPK Det sa Ragnar Johansen, leiar i Norske Fag- og Friskolers landsforbund (NFFL), då kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget onsdag arrangerte open høyring om […]

  
TIL DET VERRE: Ragnar Johansen, leiar i Norske Fag- og Friskolers Landsforbund, meiner regjeringas forslag til privatskolelov gir for dårleg livsgrunnlag for skolane.
KPK-FOTO: OLE ANDREAS HUSØY

Av Ole Andreas Husøy, KPK

Det sa Ragnar Johansen, leiar i Norske Fag- og Friskolers landsforbund (NFFL), då kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget onsdag arrangerte open høyring om forslaget til ny privatskolelov.

Johansen påpeikte at det frå departementet si side blir gitt inntrykk av at ein med forslaget til ny lov vil skru tida tilbake slik at vilkåra for friskolar blir slik dei var før den noverande friskolelova, som vart vedtatt medan Kristin Clemet (H) var statsråd, trådde i kraft. Men Johansen er ikkje samd i dette, og åtvarar mot at forholda vert verre for friskolane enn det dei var før Clemet si tid.

Representantar for Kristne Friskolers Forbund, Steinerskolane, Montessoriskolane og toppidrettsgymnasa deltok og på høyringa onsdag. Dei hadde fleire innvendingar mot lovforslaget, mellom anna når det gjeld økonomi, foreldreretten og pedagogisk særpreg.

Regjeringspartia har «fridd» – ikkje minst til KrF – for å få til ei fleirtalsinnstilling som har støtte frå fleire enn regjeringspartia. Saksordførar for privatskolelova, Dagrun Eriksen (KrF), seier det er for tidleg å seie om til dømes KrF kan kome til semje med regjeringspartia. Ho seier KrF er innstilt på å gjere eit ærleg forsøk på å kome fram til eit kompromiss med dei raud-grøne.

– Men då er det fleire viktige ting i lovforslaget som må endrast. Høyringa her i dag viser jo og at det forslaget regjeringa har fremja er for dårleg sett frå friskolane si side, seier Eriksen.

Komiteen skal ha innstillinga om forslaget til privatskolelov ferdig innan 31. mai. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.