Leseopplæring gir kyrkjevekst

SPRÅKOPPLÆRING: Fleire tusen vietnamesarar har dei siste åra lært å lese og skrive gjennom Åpne Dørers undervisningsprogram. (FOTO:KPK ) Av Ole Andreas Husøy, KPK Den internasjonale kristne organisasjonen Åpne Dører starta eit alfabetiseringsprogram i Vietnam i 1999. 90 prosent av innbyggjarane i Vietnam over 15 år kan lese og skrive. Men i minoritetsbefolkninga i landet […]

 
SPRÅKOPPLÆRING: Fleire tusen vietnamesarar har dei siste åra lært å lese og skrive gjennom Åpne Dørers undervisningsprogram. (FOTO:KPK )

Av Ole Andreas Husøy, KPK

Den internasjonale kristne organisasjonen Åpne Dører starta eit alfabetiseringsprogram i Vietnam i 1999. 90 prosent av innbyggjarane i Vietnam over 15 år kan lese og skrive. Men i minoritetsbefolkninga i landet er prosenten langt lågare.
57 prosent av dei 1,3 millionar vietnamesarane som tilhøyrer protestantiske kyrkjer, er etniske minoritetar.

Åpne Dører starta med lese- og skriveopplæring då dei vart kjende med at 80 prosent av dei kristne frå minoritetane var analfabetar. I samarbeid med lokale kyrkjer har Åpne Dører laga undervisningsmateriell, rekruttert lokale lærarar og starta undervisning i avsidesliggjande landsbyar. Undervisningsprogrammet dekkjer i dag ni av 54 minoritetsgrupper i landet.

Talet på personar som følgjer undervisninga er no oppe i 1500 i året. I fjor var det gjennomsnitt 15 elevar i kvar klasse. Ifølgje Åpne Dører prøver ein å unngå større klassar enn dette, fordi større klassar lettare vil vekkje merksemda til styresmaktene. Styresmaktene har ved nokre høve lagt hindringar i vegen for undervisninga.
Hos minoritetsgruppene blir sønene prioriterte når det gjeld skolegang. Tilbodet til Åpne Dører har gitt kvinner mulegheiter som er blitt haldne tilbake for dei tidlegare.

Tar ansvar
Lokale pastorar melder om auka interesse for den kristne bodskapen mellom dei som er blitt i stand til å lese Bibelen sjølve. Dei melder og om at kyrkjemedlemer som har lært å lese, blir meir aktive og tar meir ansvar i kyrkjelyden enn før. Mange menneske er komne til tru utelukkande, eller i hovudsak, ved sjølv å lese i Bibelen. På den måten medverkar lese- og skriveopplæringa til kyrkjevekst i Vietnam.

Morris Watkins, som har skrive ei bok om bibellesing og kyrkjevekst, seier at han har lagt merke til at kyrkjer overlever og veks, sjølv i tider med undertrykking, når dei har Bibelen omsett til sitt eige morsmål og når kyrkjemedlemene er i stand til å lese sjølve. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.