– Bibelcampen blir endå betre

Av Øystein Lid Kenneth Foss fortel at dei positive tilbakemeldingane frå foreldre og deltakarar på Ungdomscampen og Kidz Camp skuldast ei kraftig nivåheving som tok til for to år sidan, og vart vidareført i år. Men Foss og dei andre leiarane i ImF-UNG er opptekne av at dette ikkje må verta ei kvilepute. Dei har […]

 

Av Øystein Lid

Kenneth Foss fortel at dei positive tilbakemeldingane frå foreldre og deltakarar på Ungdomscampen og Kidz Camp skuldast ei kraftig nivåheving som tok til for to år sidan, og vart vidareført i år.

Men Foss og dei andre leiarane i ImF-UNG er opptekne av at dette ikkje må verta ei kvilepute. Dei har i staden bestemt seg for å gjera det endå betre. Frå nyttår av trer difor Edvard Thormodsæter inn i 20 prosent stilling som tenåringskonsulent med ansvar for ungdomscampen 2009. Han tek over etter Thore Søvik som var tilsett i 10 prosent. Lisbeth Hjortland får ansvaret for Kidz Camp, der det også har funne stad ei kvalitetsheving.
– Me befinn oss i ein veldig god situasjon, men samstundes gjeld det å halda nivået oppe. Og no føler me at me har fått veldig gode folk på plass som kan greia den jobben, seier Foss.

Fornyingsprosess
Lisbeth Hjortland samstemmer i at utfordringa ligg i å vidareføra eit allereie godt arbeid.
– Me må vera i ein kontinuerleg prosess av fornying. Korleis kan me greia å gjera Kidz Camp endå betre? spør Hjortland. Planlegginga vert det aller viktigaste; og allereie no tek planane form. Andakt, kulisser, utveljing av songar – alt må vera på plass i god tid i førevegen. Kvalitetshevinga som har funne stad er også avhengig av at talet på leiarar under Kidz Camp er dobla, frå seks til tolv.

Saka held fram under biletet

  
PRIMUS MOTOR: Lisbeth Hjortland, alias Loffen, er oppteken av å gjera den populære Kidz Camp på Lyngdal Bibelcamp endå betre. Planlegginga er alt i gong. FOTO: VILHELM VIKSØY

Oase
Den ferske ImF-UNG-tilsette Edvard Thormodsæter seier til Sambåndet at han ynskjer å styrka bibelpreget på Ungdomscampen.
– Sommaren har lett for å bli ei turketid. Eg håpar å vera med på å gjera sommaren til ein oase i staden, seier Thormodsæter som også reiser rundt som forkynnar for ImF i haust.
– Eg vil at ungdomscampen også skal bli ein bibelcamp, at me også kan skriva under på visjonen som gjeld for Bibelcampen. Det skal ikkje berre vera ferie, men også åndeleg påfyll, undervising og møte mellom kristne ungdommar, seier han.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.